Kultur | 17. nov. 2009

Debuterer i dag

Kunstnar Vidar Bratlund Mæland debuterer som forfattar med barnebok på nynorsk.

Debuterer i dag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. nov. 2009 13:38

Bildeserie:

1 av 3

Korleis blir kaffien kald? Spørsmålet gav kunstnaren og musikaren frå Frode Vidars ideen til manuset som gjer at han i dag debuterer som forfattar med barneboka «Pappa møter kald kaffi sauen».

- Eg jobbar i barnehage og går nesten alltid rundt med kaffikoppen. Men kaffien blir kald, noko som irriterar meg, og ein dag byrja eg å seia til ungane at kald kaffi-sauen hadde vore og blåse kaffien min kald. Etter kvart byrja ungane å seia at dei hadde sett sauen, seier Vidar og ler.

Stort nynorsk-opplag
Sauen dukka opp i fjor haust, og gjennom vinteren sat kunstnaren og teikna sauar. Ofte hadde han ein leikesau med seg på kafé.

- Folk såg rart på meg, fortel forfattaren og illustratøren.

Til påske var manus klart og måndag kom 21 esker med 1000 eksemplar til Os frå trykkeriet i India.

Boka er på nynorsk og er sjølvfinansiert.

- Dei barnebøkene på nynorsk som får distribusjon til biblioteka trykker vanlegvis opp 2500 eksemplar, 1500 til biblioteka og 1000 til sal i bokhandlarar. Klarar eg å selja rundt 750 eksemplar så kan eg visa dei store at det går fint å gjera det godt som liten, seier Mæland.

Boka er på plass hos Libris og Notabene på Os og AMFI Os, og forfattaren jobbar sjøkv med å få boka ut til bokhandlarar over heile landet.

Sau, superheltar og sjølvportrett
Fa til Vidar, Arne, har fått portrettert seg sjølv og kunsten sin i ei bok som kom ut tidlegare i år. Mora Bente er ein erfaren forfattar. Vidar har ikkje gjeve ut bok før, men nokre teikneseriar har det blitt, to av dei med riskdekkande distribusjon.

- Det starta med cowboyen Wilfred Target, som aldri blei utgjeve, men som gav namn til filmfestivalen vi starta for rundt 10 år sidan. Superhelten Apollo Pipp kom ut i nokre utgåver, to av dei riksdekkande. Men den selte berre godt nok til å dekka utgiftene.

I «Pappa møter kald kaffi sauen» møter vi ein familie med ein pappa som er kunstnar, eller berre lat, som naboane seier. Han er også glad i kaffi, litt tjukk og ifølgje sonen, som er forteljar, er pappa ein superhelt som jagar general Trøndersodd og skumle drakar.

- Har du skrive deg sjølv inn i boka, Vidar?

- Eg skjønar ikkje kva du siktar til, svarar forfattaren og prøver å spela snurt.

- Jau, det er innlysande at eg sjølv er med. Og superheltar kjem eg ikkje utanom, eg blei øydelagt av Supermann og Lucky Luke i ung alder, og har sjølv mange superheltkostymer som eg har problem med å koma oppi, humrar han.

Velluka debut - og fleire bøker på veg
Midtsiden.no liker «Pappa møter kald kaffi sauen». Historia er morosam, også for vaksne, der er ikkje for mykje tekst per side og boka er passeleg lang. Illustrasjonane, som eigentleg er fargelagte skisser, er både koselege og humristiske.

- Eg har bok nummer to om kald kaffi-sauen klar til trykk og manus ferdig på bok nummer tre, så om denne første blir godt mottatt vil det koma fleire, lovar Vidar Bratlund Mæland.

Boka er dedikert til ungane til Vidar, Jonas (4,5 år) og Oda (som fyller 1 år nyttårsaftan).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.