Dei beste innslaga
VIDEO: Vêret heldt seg fint til toget på Os var parkert på Kyrkjeflaten. Desse vann pris.
Bildeserie:
Klokka 11.45 starta som vanleg hovudprosesjonen på Os ungdomsskule, også i år gjekk turen gjennom Os sentrum til Lurane og ned igjen.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
Vêrmeldingane for nasjonaldagen varierte fram til start, men det var både opphald og sol frå start til mål på Kyrkjeflaten.
Os MC & MX klubb sitt innslag i 17. maitoget veks frå år til år. I dag var jentene i front og klubben var i diskusjonane om pris for stiligaste innslag. Men denne prisen gjekk i år til dei med fire hjul.
Os Amcar klubb vann pris for stiligaste innslag i toget.
Ungdomsklubben i Kyrkjetunet hadde rigga seg til på tilhengar med tak. På hengaren sat fullt rockeband, bak på hengaren sat den talentfulle songaren Madeleine Berge Midtseter og leia flokken bak i allsong.
Klubben vann pris for det mest morosame/kreative innslaget i årets 17. maitog på Os.
Les òg:
Sat smilande igjen (med bildeserie frå Kyrkjeflaten)
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.