Lokal | 18. sep. 2012

Dei eldre på vent

Lesarinnlegg, Laila Marie Reiertsen (Frp): Å vera best i klassen betyr ikkje at dei som sit heime og ventar på plass er nøgd med situasjonen.

Dei eldre på vent
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 18. sep. 2012 14:56

Samhandlingsreformen er i god driv i kommunen vår. Det viser alle dei ulike prosjekta som er i gong. ØH-senger, kreftprosjekt, kolsprosjekt og frisklivsprosjekt, berre for å nemna nokre.

Dette er svært positivt for alle innbyggjarane i Osbygda. Og ein ser med dette at kommunen tar samhandlingsreforma på største alvor. Og, ikkje minst, at den har skapt engasjement og kreativitet i organisasjonen.

No er det også gledeleg at Os er best i klassen i å ikkje betala for pasientar som er ferdigbehandla på sjukehus. Dette er og eit viktig fokus.

Men spørsmål som kjem opp er om denne "best-heita" går ut over dei eldre som allereie ventar i heimen?

Dei som ventar på rullerings-, kortids- eller langtidsopphald. Eller rehabilitering, noko som ein veit at Os kommune har fått merknader frå fylkesmannen frå tidlegare.

Det at ein har på ein måte meir fokus på utskrivingsklare pasientar, fordi dette utløyser rekningar frå Helse- Bergen, er feil i høve til dei som ventar og ikkje er inne liggjande pasientar.

Så kanskje er det å vera best i klassen i høve til utskrivingsklåre pasientar ikkje er eit bestestempel for dei som er heime og ventar på plass.

Som politikar ønskjer eg ein deling av førsteplassen, med like stort fokus på dei som ventar heime og dei som er på sjukehus.

Eller i verste fall bør kommunen betala for dei som ikkje får tildelt plass i høve til godkjent søknad. Dette må ein unngå.

Så til dei som administrerer plassar; ikkje set dei eldre som ventar på plass på vent sjølv om dei er heime.

Laila Marie Reiertsen
Kommunestyrerepresentant Frp

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.