Kultur | 25. jan. 2017

Dei to første Osfest-artistane er klare

Osfest har programmet klart - og slepp no dei to første. Begge blir å sjå på Spellemannprisen laurdag.

Dei to første Osfest-artistane er klare
Julie Bergan og Unge Ferrari er dei to første artistane som er klare for Osfest 2017 (pressefoto)
Andris Hamreonsdag 25. jan. 2017 08:00

Osfest sleppte i dag dei to første artistane til årets festival.

– Det er ei glede å kunne presentera Julie Bergan og Unge Ferrari som dei to første artistane.

– Dei er to av dei nye stjerneskota på den norske musikkhimmelen som eg er glad for at vi har klart å få til årets Osfest, seier festivalsjef Tor Egil Hylland.

Programmet er klart

Hylland fortel at dei har heile programmet for festivalen klart og at dei vil sleppa artistane i vekene fram mot påske.

– Eg meiner vi har klart å sy saman eit godt program, som eg trur osingane og andre vil koma til å lika. Fredagen blir ein dag retta mot ungdom og unge vaksne. Julie Bergan og Unge Ferrari skal begge spele fredagen og passar den profilen vi har lagt opp til.

– Laurdagen har vi eit program som rettar seg meir mot ei blanda målgruppe. Eg kan lova deg at det blir artistar du kjenner igjen. Vi har i år prøvd å få ei blanding av lokale artistar frå regionen og artistar som har tatt steget opp på nasjonalt og internasjonalt nivå.

Framleis på grusplassen

Festivalen har i år blitt flytta til 11. og 12. august for ikkje å kollidera med Robbie Williams sin konsert i Bergen.

– Festivalen bli som dei tidlegare åra på grusplassen i sentrum. Vi vurderte om vi skulle flytta den til ein annan plass i bygda, men landa på at vi held den i sentrum, i alle fall eitt år til, noko avhengig av komande byggeaktivitet på området, seier Hylland.

Julie Bergan

Julie Bergan har for lengst bevist at ho er ein vokalist og låtskrivar i verdsklasse. Hennar eineståande evne til å engasjera med sine catchy hooks, har gjort at 22-åringen har rukke å oppnå opp mot 90 millionar streams på låtene sine.

Sommaren 2016 følgde Bergan opp hitsinglane «All Hours» og «I Kinda Like It» med «Arigato», som blei ønska inn i varmen av alle Norges radiostasjonar så snart den blei utgitt, og som klatra heilt til topps på dei norske hitlistene.

Bergan er nominert i kategorien «Årets Låt» under Spellemannprisen, som går av stabelen siste helga i januar.

Der kjem ho òg til å ta med seg bandet sitt for å visa kva Team Bergan har å by på live.

I året som har gått har Julie Bergan lagt grunnlaget for det som kjem til å komma i 2017, og lista har ho lagt høgt med si nyutgitte låt «Blackout», som frå dag éin har lagt seg i toppskiktet hos Spotify.

Med sin kraftfulle og særeigne stemme, kombinert med enorme mengder sjarm og energi på scenen, tek Julie Bergan med «Blackout» eitt steg nærare den internasjonale stjernehimmelen.

Unge Ferrari

Unge Ferrari er virkelig ein av dei mest spennande artistane vi har sett her til lands dei siste åra!

Debutalbumet «Til Mine Venner» kom ut i 2015, og fekk ein horde med femmarar, frå bl.a. Dagbladet, Natt & Dag, NRK P3 og Gaffa.

Det blei lovord og omtaler som ukomplisert men catchy, imponerande, ektefølt og sterkt. Same år blei han òg nominert til ‘årets nykommer’ under P3 Gull.

I løpet av 2016 har Unge Ferrari vært ute på en omfattende nordisk turné, spelt på ein haug med norske festivalar, samt vore support for den svenske rap-stjerna Silvana Imam. Nyleg gav han også ut EPen «Hva Er Vi Nå // H.E.V.N.» saman med Tomine Harket.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.