Festivalområdet søndag kveld, nesten ferdig nedrigga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Festivalområdet søndag kveld, nesten ferdig nedrigga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Dei første Osfest-tala

Var laurdagen god nok til at det totale besøkstalet blei akseptabelt?

Kjetil Vasby Bruarøy
14. august 2017 - 9:41

Osfest 2017 er over.

• Bildeserie frå fredag
• Bildeserie frå laurdag

Arrangørane får ros av publikum for programmet og av artistane for gjennomføringa.

– Produksjonen held høgt internasjonalt nivå, det merkar også artistane. Alle artistane kjem med tilbakemelding om at dei elskar å vera her! Det handlar ikkje berre om teknikken, men om folka vi har med oss, både dei profesjonelle og dei frivillige som er på dugnad, seier produksjonssjef David Genius.

Publikum får ros av både artistar og arrangørar.

– Både dei som har spelt tidleg på kvelden, for færre folk, og dei som har kome på scenen seinare, har fått ein fantastisk gjeng å spela for. Eg vil takka osingane og tilresiande for oppslutnaden, engasjementet og den svært gode feststemninga! seier festivalsjef Tor Egil Hylland.

Sett vekk frå to menn i 20-åra som blei vist vekk frå området, éin for åtferda si, ein annan for å kjøpa alkohol til nokon som er under 18 år, har det ikkje vore noko tull på festivalen.

Publikumstal for fredag og laurdag

Fredag var det mykje regn, laurdag blei det lettare og lettare utover dagen og sol før første artist gjekk på scenen.

Etter ein fredag med noko som såg ut som knappe tusen besøkande ønskte festivalleiaren seg ei tredobling til laurdag.

Det fekk han nesten. Allereie i 21-tida laurdag såg området, ifølgje Hylland, ut som då Kurt Nilsen og Gabrielle spelte i rekordåret 2015.

– Vi har eit godt teljesystem i år som, einaste gong vi har hatt tal så tidleg er på Marcus og Martinus på dagtid i fjor, seier Hylland.

Fredag var det 750-800 publikum, laurdag var det 1.600 på Osfest.

Dei rundt 600 som hadde todagarspass tel som gjestar begge dagar. Det var periodar der printer ikkje virka, og dei som kjøpte billett berre fekk armband, men dette skal vera manuelt tatt omsyn til i teljesystemet.

– Totalt rundt 2.400, er det tal de kan leva med?

– Om begge dagar hadde vore som laurdag kunne eg sagt med éin gong at i har gått med overskot.

– No er det fleire tal som skal inn, og det vil gå ei veke eller to før vi veit meir.

– Men magekjensla seier at det har vore godt sal av mat og drikke, at det er tight, men at det kan sjå ut som om det går rundt, seier Hylland.

Les meir om

Kultur Festivalar Osfest