Kultur | 08. apr. 2011

Dei gode bøkene

SJÅ VIDEO: Harald Hårfagre, Pippi Langstrømpe, Jan Erik Vold og Løvenes Konge, sydd saman av eit bibliotek styrt av talentfulle elevar.

Dei gode bøkene
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. apr. 2011 14:55

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Annakvart år tar tilsette og elevar ved Kuventræ skule det litt lengre enn til ein eventyrkveld med framsyning i musikkrommet. Torsdag kveld fekk vi sjå resultatet av ein vinter med god planlegging og mange timar med klassevis øving.

– Eg har blitt imponert over desse framsyningane før, men det dei tilsette og elevane har fått til i år er kanskje det beste vi har gjort, seier rektor Per Olav Sørås.

SJÅ VIDEO (12 MINUTT) AV SHOWET

Framsyninga var både rørande, skummel, morosam og fengande.

– At Patricia Langeland har byrja å jobba hos oss, og at vi hadde eit så godt orkester og lys- og lydanlegg var dessutan til stor hjelp.

Alt du kan finna i ei bok ...

«Eg las det i ei bok ...» var tittelen på framsyninga. Kontrasten mellom tittelen og kor spennande framsyninga var er ein god parallell til bøker generelt, innhaldet er ofte meir fargerikt enn utsjånaden på boka.

For kvar klasse hadde sine tema, som dei viste med dans, song og teater, medan den raude tråden var biblioteket, der kvar klasse kom for å låna ei bok, eller ein film, om det som interesserte dei.

Flinke små og entusiastiske store

Alle dei over 200 elevane ved skulen var med på framsyninga, som dei har øvd på i musikk- gymnastikk- og enkelte andre timar dei siste vekene. På framsyninga gjekk det knirkefritt, både samla og for dei enkeltelevane som hadde ekstra mange replikkar eller solo-song å levera.

Samstundes ser vi at dette har vore god læring, dei over 400 vaksne i salen fekk nok nyttig repetisjon på kunnskap om både Harald Hårfagre og om korleis dei fire store elvene i Kina blei til.

– Prosjektgruppa som har laga planane har gjort ein god jobb, men det har også kvar enkelt av dei tilsette. Vi hadde aldri klart dette utan eit sånt unikt engasjement hos kvar enkelt lærar og ungdomsarbeidar, seier Sørås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.