Lokal | 07. juli 2015

– Dei gøyaste 3000 kronene eg har brukt

VIDEO: Kvifor kjøra segway når du kan vera supermann på eitt hjul?

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 07. juli 2015 21:32

Bildeserie:

Lars kjøpte den billigaste modellen, men er kjempenøgd. (Foto: KVB)
Lars kjøpte den billigaste modellen, men er kjempenøgd. (Foto: KVB)
Fotkvilarane kan vippast opp ved transport. (Foto: KVB)
Fotkvilarane kan vippast opp ved transport. (Foto: KVB)
Lars fekk iWheel-en i går, men har allereie stålkontroll. (Foto: KVB)
Lars fekk iWheel-en i går, men har allereie stålkontroll. (Foto: KVB)
Kameraten Mathias Meek har også balansen i orden. (Foto: KVB)
Kameraten Mathias Meek har også balansen i orden. (Foto: KVB)
1 av 4

Tysdag kveld var ein kameratgjeng i Vågadalen på Lekven for å testa eit nyinnkjøpt kjøretøy.

– Dei blir kalla wheelie. Denne er av merket iWheel, fortel eigar Lars Nåmdal.

– Nei det blir dei ikkje, dei blir kalla fagway, skyt Mathias Meek inn.

Nåmdal fekk det sjølvbalanserande kjøretøyet i posten i går. Både han og Mathias har, i motsetnad til underteikna og nokre av kameratane på plassen, god kontroll på hjulet.

Rekkevidde på to mil

Lars fortel at han bestilte via Finn.no hos ein som bestiller frå Hong Kong.

– Eg måte setja inn pengane på førehand og var litt spent på om det var lureri. Men ei veke seinare kom han i posten.

Det tar 45-60 minutt å lada den til topps, då kan du kjøra 20 kilometer før batteriet er flatt.

– Vi klarer å kjøra og svinga, men enkelte står jo på hendene på desse, så vi har framleis mykje å læra, seier Lars, før han kjører nokre meter med berre éin fot på iWheel-en.

Lars og Mathias har balansen i orden frå før, blant anna frå ulike stunt på ski.

Les òg: Lagde «road gap» i Dalen

Er den lovleg?

Ifølgje regjeringen.no blei sjølvbalanserande kjøretøy lovleg frå 1. juli 2014.

Om det gjeld ein eitthjuling? Tja.

Det er ikkje krav om verken registrering, opplæring eller hjelm, men den skal ha horn/klokke lys framme og bak, refleks og brems. Aldersgrensa er 16 år.

Lys framme og bak blir kanskje som at lov om lanterneføring også gjeld kajakk, at det held med ei hodelykt (og ei dommarfløyte i munnen som erstatning for horn)?

Andre kjekke kjøretøy

Det er berre nokre veker sidan folk fekk prøva segway på vårsleppet i Os sentrum. Sjå video og bildeserie.

Ingebjørn Aasheim vekker av og til merksemd når han kjem syklande på eitt hjul langs vegane i Os.

Pål Heimtoft prøvde seg i 2010 med sal av liggesyklar.

Anders Arefjord hadde i 2009 ein Can-Am Spyder, ein motorsykkel med to hjul framme og eitt bak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.