Sport | 30. jan. 2018

Dei skåra til saman 27 mål på 24 kampar

Nysignert for Lysekloster: Hovland og Thormodsen har erfaring frå 1. og 2. divisjon - og har skåra tett med mål i 4. og 5. divisjon.

Dei skåra til saman 27 mål på 24 kampar
Truls Hovland (t.v.) og Marcus S. Thormodsen har signert med Lysekloster. (Foto: Truls G. Sylvarnes, Porten.no/Lysekloster il)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. jan. 2018 15:44

Lysekloster held fram med å bygga stall. No har dei signert Marcus Sannes Thormodsen, som dei siste sesongane har spelt for Vard Haugesund og Vedavåg Karmøy, og Truls Hovland, som har bakgrunn frå Florå og Årdal.

– Eg har no vore på eit par av treningane deira. Dei har eit godt spel, so eg har trua på opprykk, seier Hovland til lokalavisa Porten.no.

Lokalavisa kallar Hovland for «Lynvingen frå Årdal». Han fekk to kampar for A-laget til Sogndal i 2014 og 9 kampar for OBOS-klubben Florø i 2017. I 2017 spelte han òg for Årdal, og putta 14 mål på 9 kampar i 4. divisjon.

Marcus Sannes Thormodsen har vakse opp i Vard Haugesund, debuterte og spelte 7 kampar i 2014. I 2016 blei det 9 kampar og 2 mål for 2. divisjonsklubben, i 2017 spelte han 15 kampar og skåra 13 mål for Vedavåg Karmøy, som i haust vann avdelinga si i 5. divisjon.

– Er framleis på spelarjakt

Sportsleg leiar i Lysekloster, Svein Kollen, er nøgd med nysigneringane. Samtidig er det framleis behov for påfyll.

– Ved sidan av ungdomssatsinga vår, der vi skal ha inn tre til, vil vi ha yttarlegare tre-fire seniorspelarar før stallen er komplett.

I fjor lagde BA.no ei sak (abo) om at Lysekloster har skifta 108 spelarar på fire år. Kollen seier dette med kontinuitet er krevjande for ein klubb med ambisjonar.

– Kontinuitet er eit ønskje, og noko vi kan få meir av med satsinga på ungdomar vi skal vera med på å vidareutvikla.

– Men vi må til ei kvar tid tenkja kvalitet. I tillegg må spelarar som eventuelt blir skadd eller som vel å flytta eller å trappa ned, erstattast. Skal vi kjempa om opprykk så må vi ha ein frisk og god nok stall, og då kan du ikkje sova i timen.

• Les òg: Vann Norway Cup i fjor - speler for Lysekloster i år

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.