Daniel saman med Falco Alexander og Bodil, som no har vore gjennom haust, vinter og vår med nye treningsvanar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Dei slappaste i Os har blitt strammare i fisken

Her er resultata til Bodil og Falco Alexander.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I fjor haust inviterte personleg trenar Daniel Hylland «Os’ slappaste» til å melda seg. Han ville gi vekk rådgjeving og oppfølging innan trening og kosthald verdt 35.000 kroner per kandidat.

Responsen var god, 50-60 meldte seg. Falco Alexander Walravens (25), Kim Degerstrøm (27) og Bodil Røttingen Myklebust (30) blei valt ut til å delta i det 7 månadar lange opplegget. Kim blei sjuk og måtte trekka seg, Falco og Bodil fullførte.

Nesten 20 kilo lettare

– Eg kan teorien, men eg ignorerer den. Det året eg som ungdom byrja på p-pillen la eg på meg 30 kilo. Etter dette har eg både fått ungar og drive med trøstespising, fortalte Bodil før start.

No har ho gått ned over 17 kilo og blitt mykje sterkare. Ho nådde òg hovudmålet, å få på seg bunaden igjen til 17. mai.
– Sist eg brukte bunaden var eg 50kg, eller for 43,2kg sidan sist, men eg måtte legga den ut litt, med ein støl i beltet.

– Den store forskjellen i trening kom frå bootcamp. Der fekk Daniel meg til å pressa meg meir enn når eg trener styrke, og etter økta følte eg verkeleg at eg hadde vore på trening, fortel Bodil.

– Eg har halde kontinuitet i treninga, det har blitt eit lystbetong avbrekk for ei småbarnsmor som meg.

– Tidlegare var det uaktuelt å jogga langs vegen, eg såg for meg folkesnakket «såg dåke Bodil var ute og jogga i dag». No bryr eg meg ikkje om det heller. Alle visste jo via førre omtale at eg heldt på med eit opplegg. Eg fekk nye joggesko og blei så glad at eg tok meg ein tur utan at eg kom på å kvi meg. Eg har òg byrja å gå i fjellet. Det er seks år sidan sist eg var på fjelltur.

I starten la Daniel ein noko streng plan for måltid. Denne måtte justerast litt. – Men det absolutte kravet mitt var å halda seg innanfor planlagt totalt kaloriinntak per dag, seier PT-en.

Når det kjem til disiplin innan kosthald har Bodil gjort det gjennomførbart for seg sjølv, to strenge dagar blir etterfølgd av éin der det er fritt fram.

– Den største positive, varige endringa innan kosthald er at eg har byrja å eta frukost kvar dag. Det tok eg meg ikkje tid til før. Ikkje hadde eg lyst på heller. No tar eg meg ein god frukost saman med minstemann etter at vi har levert storebror i barnehagen.

– Kva skjer vidare?

– Eg har endra vanane mine og held fram å trena. Eg held òg fram med å bruka PT, men går ned til annakvar veke med rådgjeving.

Nokre av Bodil sine før-etter-resultat:
Roing, 2000 meter: Frå 11.03 til 08.58
Beinpress: Fra 85 kg til 140 kg
Benkpress Frå 35 kg kg til 45 kg
Feitt: Frå 50,7 % til 39,4 %
Kroppsvekt: Frå 93,2 kg til 75,6 kg

T-skjortene strammar på rett plass

Falco Alexander starta bra, men var ikkje så disiplinert med kosthaldet.

– Det var litt vanskelegare med min døgnrytme, men eg byrja å ta med meg frukost på bussen.

Til jul hadde han gått ned 9 kilo og blitt tydeleg sterkare.

– Dessverre blei eg sjuk over jul, og la på meg 6,5 kilo igjen i løpet av ein månad. Men då eg blei frisk heldt eg fram igjen, og det var allereie blitt sånn at eg gledde meg til trening.

I starten trente han tidleg om morgonen. Han ville unngå å treffa andre, som var spreke, når han sjølv følte seg så utrent.

– Det tok tre månadar for meg å byrja å gle meg til trening, og å ikkje bry meg om kven andre som var på treningssenteret samtidig.

At han la på seg drygt 6 kilo igjen, er han ikkje så opptatt av.

– Eg har blitt sterkare, eg har byrja å lika å trena, og eg kjenner at tskjorta strammar meir rundt ramane og brystkassen, og mindre rundt livet. Eg kan framleis bli flinkare med kosthaldet, men så lenge eg trener meir enn før føler eg at eg er på rett veg.

Nokre av Falco Alexander sine før-etter-resultat:
Roing, 2000 meter: Frå 09.08 til 08.08
Beinpress: Fra 160 kg til 260 kg
Benkpress Frå 77,5 kg til 85 kg
Feitt: Frå 35 % til 29,6 %

Daniel gler seg over begge sine resultat, ikkje minst det at begge har byrja å trivst med ulike formar for trening.

– Å måla styrke og vekt før og etter gir konkrete tal som kan hjelpa med målsetnad og motivasjon. Men det viktigaste er det som ikkje er så lett å måla, auka kjensle av å lika å trena. No har begge fått nye vaner, og eg gler meg til å følgja med på treninga deira vidare, seier Hylland.

Fleire saker