Sport | 10. aug. 2011

Dei viktigaste støttespelarane

NM-vinnar Solveig Helgesen trakk fram mor og far då ho blei heidra av kommunen og klubben tysdag.

Dei viktigaste støttespelarane
Andris Hamreonsdag 10. aug. 2011 06:24

Sundag blei Solveig Helgesen historisk då ho som første spelar i Bjørnefjorden golfklubb blei noregsmeistar for vaksne (ho klarte bragden for juniorar for to år sidan). Tysdag var det tid for kake og feiring av ungjenta.

- Det er først no det byrjar å gå opp for meg, sa ei rørt Solveig Helgesen til klubbvenene som saman med ordførar og kultursjef hadde møtt opp i klubbhuset for å heidre den ferske meisteren.

Både nestleiar i klubben Nils Kristian Lygre og ordførar Terje Søviknes hadde med blomar til Helgesen.

- Vi er veldig stolte av det du har prestert.

- Du har vist oss at det å stå på over lengre tid gir resultater, helsa ordføraren før han saman med kultursjef Lisbeth Axelsen overrekte blomane og ei pengegåve på vegne av kommunen.

Ein liten verbal blomst gav han òg til golfklubben.

- Vi er avhengig av gode anlegg for å få fram utøvarar som Solveig. Det har dykk bidratt med her på Hauge.

En artig konkurranse

Etter dei gode orda frå klubben og kommunen lot NM-vinnaren tilhøyrerane få eit innblikk i korleis turneringa hadde vore sett frå hennar side.

- Det var jo ein artig konkurranse. Det er først no det byrjar å gå opp for meg at eg faktisk vann, smilte Helgesen.

- Å vinna NM, var jo det store målet, men at eg faktisk klarte det kom nesten som eit lite sjokk.

Solveig fortalte at nervane kom etter den fantasiske førsterunda på 68 slag og ny banerekord på Bjaavann golfbane, ei av dei høgst rangerte banane i Noreg.

Just'n lukka PCen

Den andre runda blei avlyst grunna kraftig regnvêr.

- Det å skulle vente så lenge for å få gå ut på ny runde gav meg mykje tid til å tenke og bli nervøs.

- Då eg endeleg kom igang igjen på laurdagen tapte eg heile leiinga på dei tre første hola. Ryktene fortel med at Erik (Just-Olsen, tidlegare dagleg leiar på Bjørnefjorden) då smelte igjen lokket på PC'en i skuffelsen, fortalte Helgesen til latter for salen.

Utruleg nervøs

Solveig spelte seg meisterleg opp igjen og heldt på leiinga med to slag etter avslutta runda.

- Eg var så heldig å ha med meg pappa som caddy og rådgjevar på runden.

- Han var viktig for meg når eg fekk den tunge starten.

Den ferske noregsmeistaren fortalte om ei mental påkjenning av dei heilt store.

- Då eg kom inn etter dei 18 hola var eg heilt utkøyrd og utruleg stolt over at leiinga sto seg. Samstundes blei eg ennå meir nervøs.

- Vi hadde ei leilighet i Kristiansand som vi budde i. Då eg kom tilbake der sto mamma klar med havregrøten slik at eg skulle få att litt energi før det bar rett til puta, oppsummerte ungjenta.

Ikkje ferie på ti år

Då det blei klart at sundagens runde også blei avlyst på grunn av regnvêr og at ho blei noregsmeister starta meldingane å ramla inn med gratulasjoner frå vener, kjente og klubbkameratar.

- Bjørnefjorden er ein fantastisk klubb som har gitt meg ein utruleg mottaking når eg kom heim att frå Kristiandsand.

- Fantastiske er mamma og pappa òg. Dei har køyrd meg til golfturneringar over heile sør-Noreg kvar einaste sommar.

- Eg trur ikkje dei har hatt sommarferie på dei ti siste åra, berre bilturar over fjellet for å køyre meg på enno ei golfturnering austpå, smilte Solveig full av takknemlighet for støtta foreldra har vist.

Meister-rommet

I midten av august reiser Solveig Helgesen tilbake til USA og studiane.

- Korleis blir det å kome dit som nybakt meister?

- Det blir sjølvsagt utruleg kjekt. I tillegg blei ho danske jenta som eg deler leilighet med dansk mester i førre veke, så rommet vårt blir eit meister-rom, avsluttar Solveig Helgesen med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.