midtsiden

Dekning i Åsen?

Telenor planlegg ny basestasjon på Ulven. No kan det bli dekning i Åsen.

Av: Andris Hamre

Mange har nok opplevd at samtalen har blitt brutt om dei har køyrd over Åsen frå Lysefjorden til Os. Dette skal det no bli ei betring på.

- Vi har bestemt å setja opp ein ny basestasjon på Ulven som skal gjera dekninga betre i det aktuelle området, fortel Per A. Meling, regional informasjonssjef i Telenor.

Meling hadde ikkje framdriftsplanen helt klart for seg då midsiden.no snakka med han, men meinte at det ikkje var så veldig langt fram i tid før basestasjonen skulle væra på plass.

- Utbygginga er eit spleiselag med grunneigar som stillar med midlar til strøm og veg for å sikre god dekning, fortel Meling.

Dekninga kan kome og gå
Onsdag morgon mottok vi melding om at mobilnettet til Telenor kunne bli litt til og frå det kommande døgnet.

- Vi skal skifta ut utstyr i alle basestasjonane på Os i dag for å betre kunne takle dei nye tjenestane som kjem i mobilnettet, fortel Per A. Meling.

- Du kan enkelt seie at alle basestasjonane får ny motor for å gje eit krafigare nett. Dette er ei oppgradering vi gjer i heile landet, seier Meling.

Meling er rask med å presiere at det er ikkje sikkert du mister dekninga i dag. Meldinga har dei sendt ut for å slippe ein storm av telefonar til kundesenteret.

Fleire saker