Møsnuken ein aprildag i 2018. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Del dine beste påskebilde - vinn gåvekort på Havnechefen

Hadde du ein god påskeferie i finvêret? Dei beste bilda dine kan vera verdt eit godt måltid!

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I løpet av påsken har vi, uoppfordra, fått tilsendt eitt og anna fint stemningsbilde. Vi har plass til fleire!

Anten du feira påske heime i Os, på fjellet, i utlandet eller på jobb - er du som lesar velkomen til å delta i ein uformell påskefotokonkurranse.

Del dei beste bilda dine med lesarane våre, og du er med i trekninga av eit gåvekort på 500 kroner på restauranten Havnechefen i Os sentrum.

Reglar:
1. Bildet må vera tatt av innsendar, eller innsendar må ha fått løyve til å senda det til oss.
2. Maks 3 bilde per innsendar. Bildet må vera tatt i løpet av påskeferien 2019.
3. Avbilda personar må samtykka i at bildet blir publisert på Midtsiden.

Send bildet/bilda til tips@midtsiden.no innan onsdag 24. april klokka 23.00.

Skriv kvar bildet er tatt. Ta gjerne med namn (fornamn er nok, etternamn om ønskjeleg) på eventuelle folk og dyr på bildet.

Vi trekk ut ein vinnar og publiserer bildeserie med dei beste bidraga i løpet av torsdag 25. april.

Retta: Grunna overveldande respons treng vi meir tid på oss til å gå gjennom bilda. Vinnar og bildeserie blei publisert over helga. Håper ingen svelt ihjel i mellomtida :)

Fleire saker