Deler ut støtte til byggverk og arrangement
Vil du bygga skaterampe eller laga musikkvideo? Frifond har 24 nye millionar å dela ut.
24 millionar kroner skal få fart på barne- og ungdomsfrivilligheita, ifølgje Kultur- og likestillingsdepertamentet.
– Spesielt ungdom har i større grad opplevd å bli meir einsame under pandemien. Fritidsaktivitetar er, ved sidan av skulen, den viktigaste arenaen for å møta andre jamgamle med felles interesser, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen i ei pressemelding.
No skal to nye tilskotsordningar gi frivillig arbeid for barne- og ungdomsaktivitetar ein ny start.
I Os er blant anna skateparken Switch på Søre Neset delvis finansiert av tidlegare Frifond-midlar.
Her er noko av det du kan søka om støtte til:
- Laga eller fremføra musikk
- Laga teater
- Dansa
- Laga film eller magasin
- Laga eit arrangement
- Bygga noko i nærområdet
- Eigenorganisert aktivitet
Støtteordningane har fått namna Frifond Organisasjonsboost og Frifond Restart, og er finansiert gjennom ubrukte midlar frå pandemiåret 2021.
- Du kan lesa meir og søka på frifond.no
Det er cirka 24 millionar kroner som skal delast ut, og ordningane skal forvaltast av Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) og Norsk Musikkråd (NMR).
– Folk er forskjellige og liker ulike ting. Vi er veldig opptatt av at alle skal få sjanse til å delta i kulturaktivitetar dei liker, seier Trettebergstuen.