F.v.: Ådne Onarheim, Arvid Rabben, Eric Skorpen, Håvard Grøteide og Tor Erik Eide frå HVL Sogndal sitt lag, Studentspretten. (Privat foto)

Deltar i fotball-EM for studentar

Madrid: Fire frå Os og éin frå Fusa er del av Noregs beste studentlag. I dag starta EM i Spania.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

European Universities Championship (EUSA) 2019 er i gang. «Studentspretten» frå Høgskulen på Vestlandet avdeling Sogndal representerer Noreg, og fire av spelarane kjem frå Os.

– I september i fjor vann vi NM, som var kvalifisering til student-EM, fortel Ådne Onarheim.

Han speler aktivt med studentlaget året gjennom, i 4. divisjon, og stiller i EM med tidlegare lagkamerat på Os 2, Eric Skorpen, og tidlegare goalgetter på Nore Neset, Arvid Rabben.

Spelande assistenttrenar Håvard Grøteide spelte på A-laget til Os tidlegare. Han er nettopp ferdig å studera, og skal både undervisa ved høgskulen og overta som hovudtrenar for laget.

Keeper Tor Erik Eide er frå Fusa. Også han har vore innom Os i trening, og var på treningsleir med Os senior for få år sidan.

Spelte uavgjort mot Spania

Studentspretten er einaste norske lag i meisterskapen.

– Men nokre nasjonar stiller med fleire lag, som Tyskland, som har tre lag med.

Noreg er i pulje med Ukraina, Nederland, det eine laget frå Tyskland og vertsnasjonen Spania.

Første kamp blei spelt i dag, mot vertsnasjonen, i den spanske hovudstaden. Det endte 0-0.

– Eg synest det var eit greit resultat. Vi var best i duellar, spelte oss til nokre sjansar, fekk ein del  cornerar, men skota gjekk anten utanfor eller rett på keeper. Spania hadde nokre gode skot, men Tor Erik hadde nokre flotte redningar, fortel Ådne.

Sender kampane på YouTube

Laget frå HVL Sogndal blir i Madrid i ti dagar. Neste kamp går i morgon, mot Nederland.

• Sjå oppsett og resultat dag for dag på football2019.eusa.eu

Kampane blir sendt direkte, i fleirkameraproduksjon, på fleire kanalar på YouTube.

– Eg er imponert over arrangementet så langt! Dei har til og med VAR-dømming, fortel Onarheim.

Sjølv var han nær på å få straffe i dag, hadde han ramla då han blei hekta kunne det blitt eit forsøk frå krittmerket. I staden måtte dei nøya seg med poengdeling i første runde.

Fleire saker