Delte ut åtvaring og bruksforbod
Både politiet og vegvesenet hadde trafikkontroll i Os i går.


Politiet kontrollerte fire køyretøy i går.
Éin bil mangla omregistrering, og det blei gitt bruksforbod, ein annan hadde mangel på lys, og fekk pålegg om utbetring.
– Vi sjekka òg ein parkert bil på Eide i Hegglandsdalen. Publikum treng ikkje kontakta oss om denne, vi har kontakt med eigar, seier politioverbetjent Anne Lyssand.
Ein bilførar patruljen møtte på fekk åtvaring etter uaktsam køyring.
Sjekka 10 tunge bilar på Halhjem ferjekai
Statens vegvesen hadde kontroll på Halhjem i går.
Der sjekka dei ti tunge køyretøy, sju av dei blei tatt nærmare kontroll av.
To av bilane hadde eitt og to dårlege dekk, og førar fekk gebyr.
To fekk teknisk mangellapp grunna feil på lys, og det blei sendt éin rapport til skatteetaten for manglande registrert vektårsavgift for trekking av tilhengar.