Delte ut fleire prikkar
Politiet var ute med laseren både natt til laurdag og natt til søndag.
Politiet fortel om ei roleg helg i Os. Men i trafikken har det vore eit visst tempo.
– Vi var ute og hadde flere trafikkontrollar desse to nettene, fortel politiførstebetjent Kenneth Rastad.
Natt til laurdag sto politiet på Hatvikvegen, Halhjemsvegen og Byvegen ved Søfteland.
På Halhjemsvegen blei det målt ein bilførar i 87 km/t i 70-sona. Vedkomande fekk 3600 kroner i forelegg og 2 prikkar på førarkortet.
På Søfteland blei ein tatt i 80 i 70-sona, der blei det 1600 kroner i straff.
Natt til søndag sjekka politiet farten på Ulvensletta.
– Der var det ein som blei målt til 103 km/t i 80-sona. Han fekk 4900 kroner i forelegg og 3 prikkar.
På Halhjemsvegen same natt blei ein annan målt i 85 km/t i 70-sona og fekk 2600 kroner å betala.