Lokal | 03. okt. 2017

Delte utvala mellom seg

Os og Fusa får leiarskapet i kvart sitt utval under fellesnemnda. Kven som får kva utval blir ein politisk dragkamp.

Delte utvala mellom seg
Dei to utviklingsutvala får leiar frå fellesnemnda (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 03. okt. 2017 08:10

Rådmann Christian F. Fotland fremja i det første ordinære møtet i fellesnemnda ei sak om den politiske organiseringa i samband med kommunesamanslåinga. I saksframlegget hadde rådmannen lagt fram eit forslag om å oppretta eit underutval for tenesteutvikling og eit utval for samfunns- og næringsutvikling.

– Desse to utvala skal vera politiske utviklingsutval innan for kvar sine områder. Dei vil i tillegg få ein administrativ prosjektleiar, orienterte Fotland i Os sitt kommunestyre førre veke.

Kor mange i kvart utval

I rådmannen sitt framlegg hadde han foreslått sju representantar i kvart av dei to utvala.

– Hadde det vore mogleg at det var fem i kvart utval? Då hadde det vore mogleg å fordele oppgåvene mellom dei som sit i fellesnemnda, kommenterte Mikael Leigland (Sp).

– Vi hadde ein liten diskusjon på det i går. Vi var meir i motsatt lei kanskje og tenkte på ni for å få med flest mogleg. Med eit forslag på fem og eit på ni, så blir det kanskje som rådmannen foreslår då, kommenterte Gustav Bahus (Frp).

– Eg er på sju. Det går meir på å få inn dei rette personane. Det er ikkje gitt at dei rette personane sit her i fellesnemnda. Vi på ta dei frå to kommunestyra som har dei rette kvalifikasjonane. Vi får nok å gjera i denne prosessen, påpeikte Helge Steinum (Ap).

– Vi fekk eit viktig signal frå kommunestyret på Os om at vi burde sikra god politisk representasjon på tvers av parti og få fleire politikarar involvert i arbeidet. Eg meiner det ikkje nødvendigvis er fellesnemnda sine representantar som skal sitte i disse utvala. Det er viktig å få opp det politiske engasjementet. Når det gjeld talet på representantar, så er eg framleis på sju, kommenterte Marie Bruarøy (H).

Leiar frå fellesnemnda

Leigland la ikkje mykje prestisje i saka, men peika på at tanken bak var å få ein gjennomgåande representasjon frå fellesnemnda til utvala og at dette kunne gje utvala ein legitimitet.

– Det viktigste er å ta i vare innbyggjarane og dei tilsette i størst mogleg grad, påpeika Leigland.

Han fekk støtte frå Laila Marie Reiertsen (Frp).

– Det som er viktig er at leiarane i kvart av utvala kjem frå fellesnemnda for å få kontinuitet og overblikk, så er det også viktig å få med andre politikarar enn dei som sit her, men eg tykkjer det er heilt greit at leiaren kjem herfrå.

Ulik inngang til saka

I arbeidet med samanslåinga skal også to ulike kulturar smeltast til ein. Litt av skillelinene kom til syne i debatten.

– Det er ein svær kabal som skal leggast, mange ulike interessar som skal takast i vare. Det skal vera osingar, fusingar, representasjon på tvers av kommunegrensene og kjønnsbalanse. I Os opererer vi med posisjon og opposisjon. Den er ulik i Os og Fusa, så det kan vera litt vrient å få til. Det er ulike problemstilling dette, kommenterte Bruarøy.

– Eg trur vi tenkjer litt forskjellig. De tenkjer partipolitisk, vi tenkjer kven kan gjera best mogleg jobb uavhengig av partigrensene. Difor har vi ei litt anna oppfatning, svara Leigland, før politikarane tok ein timeout og eit gruppemøte.

Leiar i mindretal

Etter eit kvarter på gangen hadde politikarane konkludert.

– Då har vi hatt ulike gruppemøter og mange artige konstellasjonar. Vi går på innstillinga som ligg med sju representantar i kvart av utvala, men med eit par ekstrapunkt. Éi nemnd får leiar frå Fusa, den andre får leiar frå Os. Leiaren skal vera i mindretal for å sikra mest mogleg likeverd. Det tyder at er leiaren frå Fusa, så skal det sitta fire osingar i utvalet. Leiaren skal ha utspring frå fellesnemnda, oppsummerte Marie Bruarøy før politikarane gav si samrøystes tilslutning.

Dermed er det duka for ein politisk dragkamp mellom partia og kommunane om kven som skal få kva utval og kven representantane blir.

Se òg: Midtsiden si samleside om Bjørnafjorden kommune

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.