Lokal | 05. mars 2017

Demonstrerte nyvinning for Sjøfartsdirektoratet

Sealift Systems AS har sidan 1985 utvikla system for store redningsfartøy. No skal det bli lettare å redda folk òg frå MOB-båtar.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandsøndag 05. mars 2017 08:46

Å henta mann over bord tilbake til dekk kan vera både tungt og vanskeleg, spesielt om vêret er røft og skutesida høg. I 1985 kom Sealift Systems AS på marknaden med nokre godt eigna produkt (sjå video på YouTube), som i fleire år selte bra.

Etter nokre meir passive år kom selskapet i 2015 tilbake på banen, og no har dei òg utvikla eit system for enklare redning òg for små mann over bord-båtar.

– I høge bølgjer, eller om fleire skal bergast opp av sjøen, kan det vera både tungt og risikofylt å driva berging sjølv frå MOB-båtar. Det er dette arbeidet vi har prøvd å gjera tryggare og enklare, seier Dorthe Iselin Austevoll.

Det er kona, ungane og andre familiemedlemmer av Wilhelm Magne Austevoll som står bak selskapet. Wilhelm Magne vaks opp i Øyane og er bror til blant andre Karsten «Kakki» Austevoll på Inka, men bur på Sotra.

– Pappa jobba tidlegare i Nordsjøen, men har kunna engasjera seg meir i familieverksemda no når han er pensjonist, seier dottera, Dorthe Iselin.

Produsert i Hegglandsdalen

Dorthe har sjølv utdanna seg innan elektro, og seinare blitt maskiningeniør. No får ho nytta utdanninga si i familieverksemda.

– Demobåten vår ligg i Gjelevika i Øyane og det nye redningssystemet er produsert hos Vestmekaniske i Os.

• Midtsiden på bedriftsbesøk: Sjå videoreportasje frå Vestmekaniske

Demonstrasjonen for Sjøfartsdirektoratet blei tatt onsdag. Sealift Systems har blant anna òg vist redningssystemet for brannvesenet i Bergen og i Os.

– Systemet er designa for å kunna tilpassast ulike mindre redningsbåtar, og Vestmekaniske har allereie vist seg å vera veldig fleksible og løysingsorienterte når det kjem til tilpassing, seier Austevoll.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.