Lokal | 01. okt. 2014

Demp farten!

Forsikringsbransjen har utbetalt vel 1,75 millionar berre i Os dei siste ti åra etter viltpåkøyrslar. – Oktober er høgsesong, seier Arne Voll.

Demp farten!
Informasjonssjef Arne Voll ber bilistane vera ekstra merksamme når skilt varslar fare for dyr i vegbanen (pressefoto)
Andris Hamreonsdag 01. okt. 2014 12:01

I løpet av dei ti siste åra har forsikringsselskapa i Noreg tilsaman betalt ut over éin milliard kroner som følgje av kollisjon med dyr. 45,5 millionar av dette er utbetalt i Hordaland.

– Tala er henta frå registra til Finans Noreg og gjeld heile forsikringsbransjen.

– Dette har blitt meldt inn 74 skadar som følgje av møte mellom personbil og dyr, fortel Arne Voll, informasjonssjef i Gjensidige.

I snitt har kvar skade kosta 23.700 kroner, noko som gjer at totalbeløpet for Os blir vel 1,75 millionar kroner.

Haust er høgsesong

Hausten er høgsesong for viltkollisjonar.

– Mørkare kveldar, snøfall og sesongtrekk frå sommar til vinterbeite er blant faktorane som kan forklara kvifor det er spesielt mange kollisjonar om hausten.

– På landsbasis ser vi at tala går markant opp i oktober.

Senk farten

Samanstøt med store dyr som elg og hjort førar ofte til alvorleg personskader, spesielt når farten er over 80 km/t.

– Høg fart gjer òg at det er vanskelegare å oppdaga dyr på veg inn i vegbanen.

– Oppmodinga er difor; Demp farten, spesielt i grålysninga, skumringa og der det er vegetasjon nær vegen.

Voll oppmodar bilistane til å respektera fartsgrensene og vera ekstra aktsomme når dei passerar eit skilt som varslar fare om dyr i vegbanen.

– Det er ein grunn til at skilta står dei dei står, påpeikar Voll.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.