Kultur | 23. aug. 2011

Den beste sidan 70-talet!

ORBO & The Longshots får terningkast 6 og bøttevis med skryt av BT for «Praire Sun».

Andris Hamretirsdag 23. aug. 2011 13:07

- Det skal være eit sinnsykt fett studio, fortalte ORBO til midtsiden.no då dei var i USA i fjor for å spele inn plata med same namn som sleppast i disse dager.

Fett blei òg resultatet. Plata «Praire Sun» har fått same namn som studioet i den ombygde kyllingfarmen blei i dag hedra med terningkast 6 i BT.

- Det er den første seksern vi har fått, så det er klart det er stas, smilar Ole Reinert Berg-Olsen som ventar spent på dei andre platemeldingane som kjem på fredag.

Vaksen manns verk

Plata er spelt inn i september 2010 og inneheld 13 ferske mesterverk skal vi tru BT.

- «Prairie Sun» er en voksen manns verk, musikalsk det beste siden Flying Norwegians «Wounded Knee» tidlig på 70-tallet, skriv Ketil Johnsen i platemeldinga.

- Og teksmateriale kan tyde på at sjefen sjøl til overmål har dirket seg helt inn i jomfruburet og tatt kraftig for seg, held han fram.

Ina tydlegare i lydbilde

Spesielt godt tek Johnsen imot at Ina Tumyr er løfta fram i lydbildet. Ole Reinert Berg-Olsen må gi sin vokalkollega Ine Tumyr bøtter med kreditt for at plata er tekstmessig mange hakk over «Wounded Knee» meiner Johnsen.

- Hun blir forresten mer og mer tydelig i langskytternes lydbilde – genialt.

God Morgen Norge

Plata blir sleppt fredag 26. september, men allereie no er ORBO & gjengen i gang med promoteringa.

- I dag har vi vore i studioet til NRK Hordaland.

- I morgon (onsdag) blir det fryktleg tidleg opp, då vi skal spela på «God Morgen Norge» på TV2, fortel ORBO.

Deretter går det slag i slag med lanseringsjobbar og konsertar fram mot releasekonsert i Oseana 23. september.

Ny tur til USA

Etter konserten i Oseana går turen tilbake over dammen til ny turné i USA.

- Oktober blir langs landevegen i USA.

- Vi skal ha ei rekkje spelejobbar og gigs der borte for å møta fans og promotera plata, avsluttar ORBO.

Heile meldinga i BT kan du lese her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.