Sport | 07. sep. 2016

– Den beste treninga ein kan få

Med ein fysioteraput som trenar fekk ikkje Os J13 ligga på latsida i sommar. 11 fjelltoppar skulle nåast før sesongstart. Tysdag fekk dei premien.

– Den beste treninga ein kan få
Tysdag fekk dei som hadde fullført dei 11 turane i sommar velfortent premie (privat foto)
Andris Hamreonsdag 07. sep. 2016 10:30

Bildeserie:

Jentene, og foreldra, rapporterte via facebook og snap (privat foto)
Jentene, og foreldra, rapporterte via facebook og snap (privat foto)
To spreke jenter på Tøsdalsfjellet (privat foto)
To spreke jenter på Tøsdalsfjellet (privat foto)
1 av 2
Jentene, og foreldra, rapporterte via facebook og snap (privat foto)
To spreke jenter på Tøsdalsfjellet (privat foto)

Eva Jentoft, fysioterapeut og avtroppande trenar for handballjentene på Os J13 gav før sesongslutt i juni jentene eit skikkeleg utfordring. Jentene fekk nemleg i oppgåve å gå eller løpa på 11 av fjelltoppane i Os.

– Eg plukka ut 11 fjellturar, frå dei enkle som Katlaberget og Høglikampen til dei litt lengre og tyngre som Svinningen og Møsnuken. Oppdraget til jentene var enkelt. Dei skulle gå eller løpe på alle fjelltoppane i løpet av sommarferien og dokumentera det med ein snapp eller bilete på facebook-gruppa vår, fortel Jentoft.

12 av 15 nådde målet

I andre enden hadde fysioteraputen lova jentene premie.

– På treninga i går fekk dei av jentene som har klart målet ny handball, delvis sponsa frå MX Sport. Dei skal òg få drikkeflaske frå DNB og litt anna utstyr.

– 12 av dei 15 jentene klarte målet om alle 11 toppane i løpet av sommaren. Dei som ikkje er heilt i mål enno manglar ikkje meir enn ein eller to toppar. Eg har sagt at klarar dei det i løpet av hausten, så vankar det premie på dei òg, fortel trenaren.

Trassa drittvêret

Jentoft fortel at jentene gjekk laus på oppgåven med stor iver.

– Eg er mektig imponert. Det har jo ikkje akkurat vore det beste vêret for fjellturar i sommer, men det stoppa ikkje jentene. Dei heiv seg på med ein gong. Eg trur den første var ferdig med alle turane allereie i midten av juli. I tillegg er det nokre som har gått turane fleire gonger.

– Vi fekk òg nokre effektar som eg ikkje hadde sett kome. Foreldra fortel at jentene har vore mykje lettare å få med ut på tur enn normalt, faktisk trur eg det er nokre foreldre òg som har fått lufta seg meir enn ellers. I tillegg har fleire av jentene gått og løpt saman, noko som har vore med på å bygga laget.

Den beste treninga

Fysioteraputen, som regelmessig har kjørt skadeforebyggande treninger med laget gjennom sesongen, innrømmer at ho hadde ein baktanke med å sende jentene ut i skog og mark.

– Det å gå på fjellet er med på å gjera dei sterkare, meir uthaldende og tøffare. Dei får opp lungekapasiteten med å streva i motbakkane. Dei blir sterkare i lår og leggar og får betre spenst, og ikkje minst dei får betre balanse. Det å gå og løpe på ujamt underlag er den beste skadeforebyggande treninga som finst.

– Jentene er i vekst, ei periode kor det er lett å bli skada, og får ein eit langt skadeavbrekk er det lett å falle ut av idretten. Det å komma seg ut i naturen og opp på fjellet er noko av det mest allsidige ein kan gjera, og ein får nytta fleire muskelgrupper enn på ei vanleg handball eller fotballtrening, forklarar Jentoft.

Naturen gir best effekt

Forskning syner nemleg at allsidigheit blant barn og unge er i ferd med å forsvinna.

– Vi, som vaksne trenarar og foreldre, er nok for ivrige i å organisera aktiviteten til ungane. Alt skjer på tilrettelagte plasser, noko som gjer at risikoen for belastningsskader aukar. Vi må bli flinkare til å nytte naturen som arena, helst saman med ungane, så tek vi vare på vår eiga helse òg. Naturen er den billigaste og mest effektive arenaen som finst.

– Forskninga syner nemleg at det ikkje er noko behandling, uansett om den er medikamentell, alternativ eller kirurgisk, som gir den same prosentvise effekten som det å vera i fysisk aktivitet ute i naturen gjer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.