Næringsliv | 20. okt. 2015

– Den billigaste konsulenten du kan ha

Eit eksternt styremedlem kan løfta bedrifta di. Men kva plikter har du som tar på deg eit styreverv?

– Den billigaste konsulenten du kan ha
Advokat Ole Kristian Nag (t.v.) i samtale med konsulent Terje Kopperud etter foredraget. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. okt. 2015 09:27

Bildeserie:

Med praktiske eksempel og litt humor hadde Nag eit godt foredrag for DNB sine gjestar i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Med praktiske eksempel og litt humor hadde Nag eit godt foredrag for DNB sine gjestar i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Møterommet på Osbadet var så og seia fullt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Møterommet på Osbadet var så og seia fullt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2
Med praktiske eksempel og litt humor hadde Nag eit godt foredrag for DNB sine gjestar i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Møterommet på Osbadet var så og seia fullt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Tysdag morgon arrangerte DNB Os eit seminar med advokat Ole Kristian Nag frå KPMG som foredragshaldar.

Temaet var styret sitt ansvar og styremedlemmane sine plikter.

– Talet på styremedlem som blir saksøkt er kraftig aukande, sa Nag, og viste til både avisutklipp og konkrete dommar som eksempel.

Så viste han kva du som har styreverv bør tenkja over i engasjementet ditt.

– Styret sine oppgåver er blant anna å legga plan og budsjett og å ha oversikt over økonomien i selskapet.

– Styrearbeid er langt enklare i oppgangstider enn i nedgangstider, og ved ein eventuell konkurs er det svært viktig at styret kan visa til at dei i forkant har fungert som dei skal.

Reaksjon og protokoll

Det som er viktig for eit styre er å reagera på risiko.

– Det er ingen fasit på korleis ein skal handtera nedgangstider, men styret bør kunna visa at dei har oppfatta utviklinga eller risikoen, og at dei aktivt har kome med forslag til tiltak.

– Her må styret også vera konkret, det held ikkje at dei vedtar auka omsetnad og lågare utgifter.

Ein ting det ofte blir slurva med, ifølgje advokaten, er protokoll.

– I fleire små- og mellomstore bedrifter blir drifta gjerne diskutert ofte, men i små styre, og utan at noko blir notert. Men det er protokollen som tel, det som er skrive ned og signert, kva som er drøfta utan at det er protokollført har ingen verdi når nokon skal sjå tilbake på styrearbeidet som er gjort.

– Det beste for selskapet

Det er ingen formelle krav til kompetanse til styremedlem i norske selskap. Som styremedlem er du heller ikkje valt inn som representant for verken eigarar eller andre interessegrupper i selskapet.

– Din jobb er å tenkja selskapet sitt beste ut frå eigne vurderinger og magekjensle. Eg har fått førespurnadar frå kameratar der eg har sagt klart ifrå om at eg ikkje kjem til å vera lojal til vedkomande, men til firmaet eg er sett til å vera med å styra.

– Det kan resultera i at eg ville ha stemt for noko kameraten min ville vore ueinig i, til og med at han kunne blitt oppsagt. Det er noko du bør tenkja over før du går inn i styre i selskap der du har nære relasjonar.

Styret har også teieplikt. Dei bestemmer sjølv kva dei vil ut med av informasjon, men pliktar ikkje å fortelja aksjonærar eller andre om korleis styremedlemmane har stemt i saker dei eventuelt har vore usamde i.

Lever av å vera styremedlem

Ein av deltakarane på seminaret var Terje Kopperud. Kopperud jobbar som konsulent og sit i styret i 15 selskap, frå borettslag til mellomstore firma som Lyssand Blomstersalg AS (omsette for 75 millionar i 2014).

– Å engasjera eit eksternt kompetent styremedlem eller ein styreleiar kan ofte gje selskapet eit løft, både fordi styrearbeidet blir meir formelt, at styret fungerer som eit styre skal, og fordi det kan vera til nytte at nokon ser selskapet frå utsida. Det er lett for at eigar eller drivar går seg blind på sin eigen «fortreffelighet», seier Kopperud.

Honoraret kan ligga frå 10-15.000 til nokre hundre tusen i året, avhengig av storleiken på selskapet og riskioen styremelemmane tar.

– Eit honorert styremedlem kan vera den billigaste konsulenten du kan få, samanlikna med å leiga inn ein advokat eller ein annan ekspert i ulike samanhengar.

Sjølv om Kopperud både har utdanning og brei erfaring frå ulike styreverv, og store delar av seminaret for hans del blei repetisjon, synest han foredraget var godt og nyttig.

– Det var så og seia fullt her, og Nag var flink, så vi er òg nøgd, seier Jan-Erik Olsvold frå bedriftsavdelinga i DNB Os.

To tips på tampen

Før han runda av foredraget gav Nag to tips til seminardeltakarane, tips som ikkje hadde direkte samband med styreverv, men med forslaget til statsbudsjett for 2016.

– Det ligg an til redusert selskapsskatt, men til auka skatt på utbyte, frå 27 til 28,75 prosent. Skal du ta utbyte i nær framtid så kan det vera verdt å gjennomføra før nyttår.

– Frå 6. oktober i år kom det dessutan nye reglar for lån mellom holdingsselskap og firma. Veldig mange firma har rammelån mellom selskapa, slike kan du ikkje lenger oppretta. All eventuell kortsiktig overføring mellom firma, so gjerne har vore tenkt som lån som skal innfriast same år, er dessutan å sjå på som utbyte/ulovleg utbyte og innskot.

– For lån som allereie er oppretta skal det betalast avdrag og marknadsrenter, rentefrie lån er ikkje akseptert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.