Musikk | 27. nov. 2021

Den første advendtskonserten

Nornekoret går i kyrkja saman med Os Mannskor.

Den første advendtskonserten
Nornekoret, her i 2019, har tradisjon tru konsert første søndag i advendt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 27. nov. 2021 10:51

Pressemelding:

Endeleg er ventetida over! Ikkje berre er vi inne i ventetida før jul, men Nornekoret og Os Mannskor har i tillegg venta på å halde denne konserten i over eit år.

– I fjor vart det ingen konsert, verken for oss eller for andre kor. I år derimot, er vi klare for endeleg å dele med dykk det vi har øvd på gjennom hausten.

Nornekoret og Os Mannskor har halde konsert saman før, og det vart så vellukka at vi vel å gjenta suksessen.

Os Mannskor, her i Oseana i 2020. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Os Mannskor, her i Oseana i 2020. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Det blir tradisjonelle og kjende julesongar, men også nokre litt mindre kjende.

Det blir rocka, jazza, sakralt og stemningsfullt, med og utan band, avdelingar med dei to kora, men også fellesnummer.

I tillegg blir det tradisjonen tru gjesteinnslag på song, men også på fiolin og trompet.

Det er med andre ord duka for ei vakker oppleving i Os kyrkje 1. søndag i advent. Konserten startar klokka 19.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.