Lokal | 17. mars 2015

Den første bølgebrytaren blir no bestilt

Totalt skal kommunen legga ut fire kraftige bølgebrytarar for å skjerma Os hamn. Den første kjem allereie til hausten.

Den første bølgebrytaren blir no bestilt
Bak ordførar Terje Søviknes vil det koma totalt fire bølgjebrytarar som skal skjerma hamna (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 17. mars 2015 08:05

Bildeserie:

Dei grøne og fiolette strekane viser kor bølgjebrytarane skal plasserast. Det blå innseglinga (ill: Os kommune)
Dei grøne og fiolette strekane viser kor bølgjebrytarane skal plasserast. Det blå innseglinga (ill: Os kommune)
1 av 1
Dei grøne og fiolette strekane viser kor bølgjebrytarane skal plasserast. Det blå innseglinga (ill: Os kommune)

I kommunestyret i desember gav politikarane 21 millionar kroner til å skjerma hamna og etablera bubilparkering på Haugsneset. I møtet med næringslivet i Oseana i dag fortel ordførar Terje Søviknes (Frp) og prosjektsjef i kommunen Tor Inge Døsen om status for planane.

– Vi legg no ut to anbod, eitt på bygging av sjølve bølgjebrytarane og eitt på festing av desse.

– Begge delar er ein eigen vitenskap, fortel Søviknes.

Har lært frå sist

Bølgebrytarar er allerie prøvd ut i forsøk på å dempa fjorden i delar av Os hamn, innanfor den nye moloen, utan at det var særleg vellykka.

– Vi kjem ikkje til å nytta lenka løysningar som sist. Kvar av dei fire bølgjebrytarane skal vera i eitt stykke.

– Om det blir ei betongløysing eller ei løysing med ei stålkonstruksjon blir opp til dei som leverer tilbod.

– Dessutan blir det denne gongen reine bølgebrytarar og ikkje kombinasjonsløysingar med brygge.

Urealistisk å nytta stein

Fleire har tatt til orde for å nytta sprengstein frå tunellane på E39 eller frå OHARA, men den løysinga er forkasta.

– Det blir rett og slett for mykje masse som må til. Det er 50-60 meter djupt i delar av hamna, så det er nok ikkje ei realistisk løysing.

– Dessuten vil ei slik løysing kunne påvirka oppgangen av laks i elva.

– Den løysinga vi no vel vil truleg ikkje påverka laksen i det heile tatt.

Kapteinar som rådgjevarar

Kommunen har, i tillegg til å nytta Akvasafe AS som konsulent for bølgje-, forankringsanalyse og dimensjonering, bedt erfarne sjøfolk om råd.

– Vi har mellom anna snakka med begge kapteinane på Statsraad Lehmkuhl.

– Dei seier at den løysinga vi legg opp til skal vera grei i forhold å navigera eit 100 meter langt skip til hamna.

Seglingsleia blir femti meter brei med opning mot sør.

– Vi vurderte òg andre innseglingar, men fann vel ut at det meste av båttrafikken kjem den vegen, fortel Søviknes.

Første på plass i oktober

Anboda vil gå ut no i mars/april, med forventning om at den første bølgjebrytaren leggast ut i oktober 2015. Dei tre siste vil koma i løpet av 2016/17.

– Truleg i 2016, seier Søviknes.

– Grunnen til at berre éin kjem i haust er mellom anna at den ligg innanfor hamneområdet, som vår eige byggesaksavdeling behandlar.

– Dei tre siste ligg i sjø, så der må vi gå ein litt meir omfattande søknadsrunde med fylkesmannen og kystverket, forklarar ordføraren.

Trur på attraktiv hamn

Ordføraren trur tiltaket vil vera med på å gjera Os hamn endå meir attraktiv for båtfolket.

– Når vi no får skjerma hamna kan vi ta opp konkurransen med dei andre båthamnene i Hordaland.

– Saman med «Liv på Øyro-prosjektet», næringslivet i sentrum, Oseana og Osfest så vil Osøyro bli ei attraktiv hamn å legga helgeturen til, trur ordføraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.