Lokal | 30. apr. 2014

Den gode skulen er aktiv

Lesarinnlegg: Skulekvardagen handlar ikkje berre lesing, skriving og læring.

Den gode skulen er aktiv
Strøno barneskule. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. apr. 2014 12:12

Skulegang er ein stor del av liva våre, og for dei fleste skjer møtet med pedagogikken allereie i barnehagen. I Noreg blir vi innlemma i skulesystemet frå vi er fem år gamle, og mange held fram heilt til dei fullfører høgare utdanning.

Elevar i grunnskulen og i videregåande skule er på skulen kvar dag i mange timer over fleire år. Skulen har med andre ord eit stort ansvar for elevane, og utgjer ikkje berre ein isolert, og avgrensa del av liva våre. For mange er skulen heile livet, og den avgjer yrkesvegen vidare.

Skulekvardagen handlar ikkje berre lesing, skriving og læring.

Skulen er også ein arena for oppseding og utvikling, ein hjørnestein i samfunnet, og den viktigaste institusjonen for sosialisering. Med ei slik tyngde følgjer ansvar. Ansvar for å ta elevane på alvor, og for å følgje opp dei som er innlemma i systemet, slik at dei trivst som ein del av fellesskapen.

Læringsresultata i skulen avhenger direkte av at elevane trivst. Skulen skal vere ein god stad som både lærarar, elevar, foreldre, og lokalsamfunn har positive konnotasjonar til. Læringsresultata avhenger også av at institusjonen er ein trygg stad, og ein stad nærmiljøet har tillit til. For at dette skal skje, må oppfatninga av skulen som ein rigid og teoretisk stad endrast.

Vi i Venstre meiner at nøkkelen til trivsel er fleksibel og variert undervisning.

Ikkje alle elevar trivst i ein skulekvardag som krev at dei sit i ro. Dagens skulesystem låser elevane i stor grad til teoretisk og stillesitjande arbeid. Nokre elevar trivast med slik undervisning, mens andre treng meir praktiske oppgåver. Det finst mange gode hovud innlemma i skulen i dag, men altfor mange av dei vrir seg i frustrasjon, i staden for glede, fordi systemet ikkje verdset evnene deira.

Prioritering av kvar enkelt elev sine behov, er ei kompleks og tung utfordring. Skulane bør alltid prioritere å setje inn tiltak som gagnar det kollektivet mest mogleg.

Ein einsretta teoretisk skule er ikkje eit kollektivt gode, nettopp fordi den ekskluderer for mange elevar.

Skulane må våge å vere fleksible i undervisninga, og tilpasse kvardagen til elevane som treng meir rørsle, og praktiske oppgåver i kvardagen. Slik utnyttar vi evnene som finst i kvar enkelt.

Bruk evnene som finst i kvar enkelt elev, i staden for å undertrykkje behova for annleis læring. Ikkje tving gode hovud til å sitje i ro, og dermed skape uro og frustrasjon. Å hjelpe enkeltelevar til betre trivsel kan løyse kabalen for samspelet i ein heil klasse. For å betre enkelteleven sin trivsel må difor skulen representere noko anna enn teori og stillesitting.

Skulesystemet vårt kan oppfattast rigid og isolert fordi få fritidsaktivitetar arrangerast i regi av skulen. Ettermiddagsklubbar, sports-SFO og andre kulturtilbod i regi av skulen og kommunen er glimrande måtar for å gjere skulen til ein kjekk oppleving. Lærarar og skulebygning bør ikkje berre forbindast med teori og stillesitting.

Ta kulturen inn i skulen, og bruk ressursane som finst i kommunen og i skuleverket for å gjere skulen til ein større, og meir aktiv del av liva til elevane. Elevane må oppleve at tilbod i regi av skulen er nyttige og trygge. Slik får fleire ein god oppleving av skulesystemet. Tilboda må skapast på elevane sine premiss, og med elevar involvert i planlegginga og gjennomføringa.

Det finst utruleg mange gode ressursar i skulesystemet i Os. Vi i Venstre meiner at både lærarar, elevar, foreldre og nærmiljøet må utnyttast for å skape ein solid skule. Når skulesystemet pregar ein så stor del av liva våre må vi gjere det ein stad for alle, og ikkje berre nokon. Skulen bør ikkje sjåast på som ein isolert del av livet og kvardagen, skulen skal vere ein god stad å vere for elevane våre.

Mari Lund Eide
Styremedlem i Os Venstre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.