Ny dobbelhall er ferdig, men byggherre Os kommune har førebels ikkje vore på formell synfaring. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Den nye hallen - fasadane før opning

Bildeserie: I går var dato for overtaking. 

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I slutten av juni var Consto Bergen ei veke frå ferdigstilling, onsdag 1. august var dato for overtaking.

Det blei inga synfaring med byggherre i går, då prosjektsjef i Os kommune, Halvor Hanevik, framleis er på ferie.

Men braggeriggen til Consto er fjerna og alt, med unntak av nedkøyrsle til parkeringskjellar, ser ferdig ut utandørs.

Innvendig er foajeen med Osbadet sin resepsjon framleis skilt av, og det er ikkje tilkomst til den nye dobbelhallen, garderobane eller utleigelokala i andre etasje.

Osbadet er ope, men held på med å bygga ny resepsjon, kafé og butikk med badeklede og utstyr.

Den nye dobbelhallen skal stå klar til bruk til skulestart.

Innhald

Bygget er på rundt 54 x 53 meter i grunnflate (2900 kvm), integrert i dagens foajé til Oshallen og Osbadet.

Parkeringskjellaren får 95-100 plassar. Dette er vesentleg meir enn parkeringsplassen som blei ofra for å få plass til bygget. I tillegg kjem 30 nye parkeringsplassar utandørs.

Innhaldet i hallen, over parkeringskjellaren er:

1. etasje

• Nytt inngangsparti med stor foajé
• To fullskala handballhallar til fleirebruk, begge kan delast i tre med skiljevegg
• 6 garderobar (3 herre, 3 dame) med toalett og dusj
• 2 dommargarderobar
• 2 lager (45 og 105 kvm)

2. etasje

• Tribune på 143 kvm
• Teknisk rom 73 kvm
• 4 disponible rom (65, 124, 142 og 222 kvm)

Fleire saker