Lokal | 16. apr. 2010

Den nye stasjonen

Ny brannstasjon: Forslaga, vinnaren og rådmannen si innstilling.

Den nye stasjonen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. apr. 2010 12:35

Bildeserie:

1 av 10

Os kommune skal bygga ny brannstasjon på Moberg. Fem firma har etter prekvalifisering kome med tilbod på totalentrepreise på stasjonen, og evalueringsgruppa er samstemte i at "Kobra" er det beste forslaget.

- Vi har denne gong valt å ikkje gå ut med namn på selskapa som står bak kvart tilbod. Formannskapet (27. april) og kommunestyret (4. mai) skal ikkje ta stilling til kva prosjekt og kva firma som skal bygga, men velja ut frå våre faglege vurderingar, seier jurist og sakshandsamar Christian Moe.

Kvifor "Kobra"?
Vinnarforslaget skårar ifølgje evalueringsgruppa på ei rekkje punkt:
• Det er kort veg frå kontor til stong/trapp ned til bilane og utstyret
• Stasjonen får ein "naturleg entré" for besøkjande
• Landingsplass for helikopter er godt plassert
• I tråd med formuleringar på det estetiske
Kobra er ikkje det billigaste tilbodet, prisen er 4,2 millionar dyrare enn det som hadde lågast pris.

Treng nye 37 millionar
Prislappen på Kobra er 61,5 millionar kroner, 37 millionar kroner meir enn det som frå før er løyvd.

- Nye reglar for meirverdirefusjon gjer at refusjonen blir ført på investeringsbudsjettet, ikkje driftsbudsjettet som tidlegare, opplyste ordføraren om i møtet.

- Prisen er på 18.200 kroner per kvadratmeter, noko som er i tråd med prisen andre norske kommunar i nyare tid har betalt for å få bygd brannstasjon, la han til.

Kan stå ferdig i 2011
Det er eit ønskje om å på sikt samla blålysetatane i Os kommune. I administrasjonen sitt framlegg til vedtak får rådmannen realisera Kobra med løyve frå kommunestyret om å låna 37 millionar kroner.

- Resultatet av Arbeidstilsynet si synfaring i 2006 var dagbøter. Stasjonen vi bruker i dag skulle vore stengt i 2008, men vi bruker den på nåde og dagbøtene er sett på is grunna desse planane, seier brannsjef Stein Gjøsund.

- Får vi ikkje vedtak no trur eg dagbøtene byrjar å koma, med etterverkande kraft.

Brannsjefen håpar på avgjerd og byggestart snarast råd. I tilbodet ligg 264 arbeidsdagar frå start til ferdig stasjon. Med det kan ny brannstasjon stå ferdig siste halvdel av 2011.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.