Den største hummaren - det beste bildet
Fotokonkurranse: Send oss bilde av fangsten din, vêr med i trekninga av to hummarteiner.
Måndag starta hummarsesongen, i år med ny fredningssone.
• Sjå Midtsiden samleside: Jakt og fiske
Vi i Midtsiden-redaksjonen håper fisket foregår på forsvarleg og lovleg vis, og med fin fangst og gode opplevingar i skjergarden og rundt middagsbordet.
Saman med Jernia Os, Paul M Sælen & Co AS, arrangerer vi ein fotokonkurranse i to kategoriar:
1. Største fangst
2. Finaste bilde
• Største fangst kan anten vera sum av hummar i éi teine, eller største hummar (vekt og lengde på éin hummar).
• Finaste bilde kan vera alt frå morosamt til sjarmerande, der anten hummaren, fiskaren eller fjorden og landskapet set ei viss stemning.
Fangsten må vera tatt i Os eller nærmaste nabokommunar (Samnanger, Fusa, Tysnes, Austevoll, Sund, Fana) - eller av osingar på hyttetur langs kysten. Den må òg vera fiska i årets sesong.
Send bilde til tips@midtsiden.no innan 1. desember.
Ta med namn på fiskar og på folk på bildet. Om bildet konkurrerer i kategorier «største fangst», skriv kilo og lengde, eventuelt antal og kilo om det er mange i éi teine og ikkje éin enkelt stor hummar du konkurrer med.
Vi trekker to vinnarar som får kvar si hummarteine av Paul M Sælen & Co i premie.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.