Lokal | 08. sep. 2015

Den ukjende gangstien

Lesarinnlegg: Kommentar til Hatvikvegen og den «ukjende gangstien».

Den ukjende gangstien
Her går det verken veg eller sti (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 08. sep. 2015 07:39

Me ser i Os & Fusaposten 5. september at Gustav Bahus veit om ein gamal sti under Hatvikvegen på Bø. Den har me som bur her ALDRI sett og heller aldri hørt snakk om. Under brua går det verken veg eller sti, men der renn ein bekk – og elles er der bare buskar. Kanskje på tida for Bahus å sleppa brillene ned på nasen og sjå etter ein gong til?

Diverre er ikkje ideen ny heller. Den var med i forslaget frå arkitektkontoret til vegkontoret då dei laga plan om gang- og sykkelveg langs Hatvikvegen for eit par år sidan. Meininga var at dei som bur på oppsida langs vegen, kunne gå under brua for så å svinga oppatt på gangvegen som skulle gå på sørsida av Hatvikvegen. Det var også tegna inn ein avstikkar ned til Midtbøvegen.

Har medlemmane i Plan- og bygingsutvalet sett desse tegningane?

Dette skulle gjerast når gang- og sykkelvegen kom så langt inn på Bøflaten. Andre løysingar har aldri vore diskutert med grunneigarane.

Etter synfaringa gjentok Harald Døsen (Ap) det han, Siren Tømmerbakke (Sp) og Terje Sperrvik (TvS) tidlegare har sagt om at tidlegare vedtatte rekkefølgekrav framleis må gjelda. Dei vikarierande argumenta som Bahus meiner blir brukt, er det nok han sjølv som brukar for å komma seg unna sine tidlegare løfter.

Skal dei som lovar mest og held minst fortsetta å styra Osbygda?

GODT VAL!

Hallgeir, Bjørg og Alf Strønen
grunneigarar på oppsida av brua

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.