Lokal | 10. okt. 2017

Denne dokka får bilane til å stoppa

– Vi skvatt litt, både eg og ungane i baksetet.

Denne dokka får bilane til å stoppa
I går sat denne dokka i busskuret ved Os Aeroklubb. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no, foto: Evy Fredriksen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. okt. 2017 07:50

I eit busskur på Ulvensletta er det plassert ei dokke i ein noko skremmande positur.

– Vi fekk oss ein god støkk! fortel Evy Fredriksen, som køyrde forbi med familien i går.

Dei stoppa bilen for å sjå nærmare «utstillinga».

– Ved første augekast ser det nesten ut som om det er ein unge som sit der. Den er heilt tydeleg arrangert i den posituren, seier ektemannen Bjørn.

At det kjem kakemann i butikken nokre månadar før jul er folk vant med, men denne typen halloween-dekorering tre veker før allhelgensafta synest familien Fredriksen er for tidleg.

– Dette er tjuvstart, og litt creepy, seier Evy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.