Kultur | 19. nov. 2010

- Denne er for ny!

Os Kulturskule har fem dagar på seg til å skaffa gamalt musikkavspelingsutstyr. Har du noko å låna vekk?

- Denne er for ny!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. nov. 2010 06:25

Os Kulturskule har hatt komponistverkstad med Glenn Erik Haugland, og laurdag 4. desember er det premiere på ei stor og spesiell framsyning.

- Til øvinga onsdag i neste veke, og til sjølve framsyninga treng vi utstyr, men førebels har vi ikkje fått tak i noko anna enn denne litt for nye kassettspelaren, fortvilar lærar Gry Pladsen.

Haugland har skrive opp ei god liste med utstyr som må på plass; sveivegramofon, platespelar, bandopptakar og minimum fire bærbare kassettspelarar.

I tillegg treng kulturskulen tv, lysbildeframvisar og videokanon.

- Vi har spurt foreldra til elevane, men førebels ikkje fått inn noko. No håper vi at andre i Os kan hjelpa oss, vi skal ta godt hand om utstyret medan vi låner det, lovar rektor Christian Briestein.

Kva årets framsyning handlar om vil han ikkje røpa, men at Ole Bull Quiz, som framsyninga heiter, blir spennande og i samspel med publikum, kan han avsløra.

Premieren er 4. desember klokka 15, sundag 5. desember er det yttarlegare to framsyningar og måndagen og tysdagen som følgjer kjem to skuleframsyningar per dag.

Har du utstyr å låna vekk? Her kan du kontakta Os Kulturskule.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.