Kultur | 23. des. 2017

Denne gjengen speler på Os fredag

– Vi blei sjøsjuke, innrømmer landkrabbane frå Søfteland etter skvulpande innspeling av musikkvideo.

Denne gjengen speler på Os fredag
Glimmerskifer under innspeling av musikkvideo til låta «Diesel».
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. des. 2017 21:22

(Video: Låta «Diesel», som kom ut i haust)

Dei liker kallenamnet og har tatt til seg tittelen «kremidiotar», som Kjetil Osablod Grønvigh i dette lesarinnlegget i 2013 brukte på «galskapen» og miljøet på Søfteland som skapte suksessfestivalen Søfteland Rock N Lol.

– Vi er kremidiotar med barnsleg humor! Låtane våre handlar om livet på Søfteland. Fest, fyll og fanteri i selskap med teit humor gir oppskrifta «Glimmerskifer»! Vi tar bandet og musikken på alvor, men som med resten av livet, så er det viktig å ikkje vera for høgtideleg, påstår Espen Iversen, trommis i det forholdsvis nye bandet Glimmerskifter.

Fredag 29. desember har dei fått boltreplass på scenen på Empire.

Glimmerskifter består av Øyvind «Ankeret» Aarland (vokal), Martin «NSB» Aarland (gitar), Jørgen «Drusen» Omre Larsen (gitar) og Espen «Slick Iverson» Iversen (trommer)

Publikum drakk Memos tom for øl

Musikarane har bakgrunn frå band som Bone Shakers, Neoplasma og The Rippi Rais. Dei har festa og jamma saman i «Bulo» (Jørgen sin kjellar) i årevis, i det legendariske orkestet «Bulo Bandet».

– Glimmerskifer har lagt i korta i mange år, men Glimmer-maskineriet gjekk for alvor i gang hausten 2015. Det var lite aktivitet i dei andre banda vi speler i, så då var det naturleg å forma noko nytt.

Første spelejobb var på Memos (pizzarestauranten på Søfteland).

– Vi hadde åtvara han på førehand, at her ville det bli drikking, så han handla inn ekstra. Det blei fullt hus, fantastisk stemning og Memos selte seg heilt tom for øl.

«Dansk avføring»

Etter debutkonserten har det blitt spelt inn ein EP med fem låtar. EP-en fekk tittelen «Dansk avføring».

– Tittelen var tilfeldig. Eg kom inn på øving og trudde Øyvind sang «dansk avføring» på ein ny låt. Vi klarte ikkje å slutta å le, så då blei det tittelen på EP-en.

Medlemmane i Glimmerskifer har sans for det djupe og tunge. Derfor speler dei med gitar med sju strengar, der dei har lagt til ein ekstra tjukk og djup ein. Slagverket består at store og djupe bøtter.

Bandet har spelt inn tre musikkvideoar, éin ved ei gamal bru på Søfteland, éin i ein bubil i fart (til låta Amazon) og ein annan på Bjørnafjorden, til låta Diesel (som du ser i ruta over).

– Vi blei veldig sjøsjuke, men det var utruleg gøy, synest Slick Iverson om båtturen.

I november spelte Glimmerskifter på Lillehammer, om ei lita veke speler dei i Os.

– Vi er glade for at vi fekk koma. Til Empire har vi med oss både låtar frå EP-en og «Amazon» og «Diesel», som er nye no i haust.

– Vi speler gratis og det er fri entré. Vi er i grunnen på jakt etter så mange konsertar vi kan få, og vil i vinter spela gratis om det er andre som vil testa ut kjellarrock frå Søfteland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.