– Denne lutefisken bør du servera til ungane
Tom Fossengen førebur festmiddag til Os Fritidsfiskarlag, og byr på ein beinfri og mild type lutefisk han meiner fleire bør prøva.
Bildeserie:
Os Fritidsfiskarlag (Os Småfiskarlag skifta namn førre vinter) sin årlege lutefiskmiddag er fullsett kvart år.
– Enkelte tar kontakt allereie i januar for å sikra seg ein av dei 80-90 plassane i Kløvertun, der vi et, drikk, syng og høyrer kåseri frå laget sitt einaste æresmedlem, grunnleggar Jimmy Øvredal.
Den erfarne hotellmannen Tom Fossengen, som etter 30 år i leiinga i SAS/Radisson for 14-15 år sidan pensjonerte seg og flytta til Os, er styremedlem og «stuert» under festmiddagen, som i år finn stad onsdag 7. desember.
– I år skal eg prøva noko nytt, lutefisk av klippfisk i staden for tørrfisk, og smaksprøvane eg har fått frå Norice Seafood og Viking Seafood fekk meg til å tenkja at dette kunne vera ein fin inngang for dei som framleis trur dei ikkje liker lutefisk.
– Ta tradisjonen vidare
– Lutefisk av klippfisk er noko dei dreiv med i Ålesund-området allereie på 1700-talet. No har desse produsentane laga lutefisk av gourmet-torsk, og varene blir selte av eit utval spesialforretningar i Bergen, men òg i minst éin daglegvare i Os, fortel Fossengen.
Fisken er skinn- og beinfri og mild i smaken.
– Eg har inntrykk av at mange er opptatt av tradisjonar når det er jul. Då bør dei òg ta fisketradisjonane med seg.
Trudde du at det var trendy å eta lutefisk?
– Lutefisken er kanskje ein av dei matrettane som vi har spist aller lengst her i landet, har kjemiker, magister i etnologi og foredragshaldar Astri Riddervold sagt til forskning.no.
I katolsk tid var det påbod om å eta fisk som julemiddag.
Raus med saltet
Lutefisken av klippfisk er laga av ryggfileten på torsken, er kjøttfullt og kvitare enn lutefisk av tørrfisk.
– Både fisken og tilbehøret er lett å laga, men hugs å ta nok salt over fiskefiletane.
– Her drysser du ikkje, du tømmer på eit tjukt dekke av salt. Då driv du ut vatnet og får faste, fine kjøttstykker, anbefalar Fossengen.
Han ser fram til å servera fritidsfiskarane julemat.
– Det er eit aktiv lag av hyggelege folk. Vi har det sosialt saman to gongar i veka, med samling i Oselvarnaustet, der folk bøter garn, deler fiskehistoriar og hjelper kvarandre. Det er berre til å melda seg inn, så kanskje er du heldig og får plass til middagen i 2017!
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.