Prestegarden og området utanfor Os Aktiv skal utgjera Os Aktivparken. (Ill.: Os kommune/Stoltz)

Departementet gir 4 mill i støtte til ny leikepark i Os

Os Aktivparken skal byggast med SUTU og FONO i løpet av 2020.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os kommune ønskjer å bygga nytt uteområde mellom Os Aktiv, Os ungdomsskule og prestegarden - og ny park i prestegarden.

Kommunen har planlagt eit område som skal vera ope og attraktivt «døgnet rundt for folk i alle aldrar», med fleire tekniske installasjonar og ein prislapp på over 8,2 millionar kroner.

Sjølv har kommunen sett av 4.252.475 kroner kroner og søkt Kulturdepartementet om 4 millionar kroner i støtte.

– Vi søkte om 4 millionar og fekk 4 millionar, som einaste i Hordaland som fekk støtte i denne omgangen. Det er heilt fantastisk! utbryter ordførar Terje Søviknes.

• Regjeringa: Delte ut i alt 36,8 millionar i dag

– Her har administrasjonen ved kultureininga, og søknadsansvarleg Therese L. Wergeland, gjort ein veldig god jobb, legg han til.

Manglar møteplass 

Os Aktivparken blir omkrinsa av ny fotballbane på taket av det komande parkeringshuset, og ny leikeplass på «Røde Kors-tomta», planlagt og forma av elevar ved Os barneskule.

• Les òg: Kranselag på Os Aktiv (oktober 2019)

Området til Os Aktivparken er omfatta av detaljreguleringsplan for Landboden, der areala er avsett til føremåla uteopphaldsareal og park.

I søknaden har Os kommune lagt vekt på:

• I 2020 slår Os kommune og Fusa kommune seg saman til ein ny storkommune ved Bjørnefjorden. Etter samanslåinga skal det histo- riske kommunesenteret i Os fylle ei ny og utvida rolle som regionsenter.

• Kommunen ønsker eit inviterande og attraktivt byrom for eit mangfald av aktiviteter og besøkande til alle tider av døgnet og året. Vi er særleg interessert i å tilretteleggje for jenter og personar som har låg fysisk aktivitet, som til dømes mange eldre. 

• Utfordringa er å skape uterom som inviterer til samhald og fellesskap, sam- stundes som den enkelte skal kunne leve sine liv. Per i dag finn ein ingen større møteplassar eller anlegg for organisert eller eigeorganisert aktivitet i sentrumsområdet. Realiseringa av dette prosjektet vil ikkje berre vere eit løft for Os sentrum, men som nærmaste grøntområdet til sentrumskjernen i dag vil anlegget forstørre og forlenge sentrumsdraget.

Ein nyskapande arena

Blant installasjonane som er på ønskjelista, ei ønskjeliste som i dag blei innfridd, er to nyare og meir teknologiske apparat.

Sånn blir dei skildra:

SUTU er ein sosial, utfordrande og moro- sam interaktiv sportsvegg med mogleg- heit for ei rekke ulike aktiviteter. Den kombinera bevegelse og motorisk trening med teknologi og sosial kompetanse. Den har seksten panelar som aktiverast når dei blir treft av ein ball. Fleire spel er fø- rehandsinstallerte og kan aktiverast, og ein lydfeedback gir tilbakemelding under- vegs i spelet. SUTU er ei god blanding av «dataspel (spenning, konkurranse og ni- våa)» og utomhussport (sosial utvikling og sunnhet). Sportsveggen er morosam for folk i alle alder, og kan brukast av fleire på ein og same tid.

FONO: Ein del av arbeidet med planlegginga av prosjektområdet omhandla å finne nye innfallsvinklar på kor- leis ein betre kan stimulere unge jenter til spontan fysisk aktivitet. Nyare forsking viser at jenter sti- mulerast til spontan fysisk aktivitet når ein bryter opp den homogene bruken som speglar idrettsplas- ser i dag (t.d. konkurranseaktiviteter).

Anlegg som er innbydande og leikende av karakter, som henge-apparat og musikk- anlegg aukar jenters interesse. Forsking viser at jenter i større grad motiverast til fysisk aktivitet i mindre samlingspunkt og sonar i større områder (omhandlar eks- ponering overfor guter)2. Den visar og at stader som er i bruk av folk i ulik alder aukar jenters nærvær. DJ-musikkanlegg (FONO), stort treningsapparat, og eit opent og inviterande kulturminneområde med sitteområder, er nokre av anlegga som er ment å serva denne problemstil- linga.

FONO er ein DJ-benk der elevane kan kople til si eige telefon og høyre på musikk. Her kan dei danse eller berre «henge». Anlegget består av betong og vil installerast med tak for bruk heile året. Skule- administrasjonen kan overstyre lydvolum etter behov.

Sjå budsjett og skisser i bildeserien over.

Årlege drift- og vedlikehaldskostnader er estimert til 10 000 første året, og 25 000 kronar resterande år. Tjue år med drift kostnadsestimerast per i dag til 485 000 kroner.

Os Aktivparken skal byggast i 2020.

Fleire saker