Sport | 22. okt. 2019

Derby nr 10 mellom Lysekloster og Os

Korleis er statistikken? Kva seier trenarane før derby og serieavslutting?

Derby nr 10 mellom Lysekloster og Os
Frå lokaloppgjeret i vår, der Os pressa, men Lysekloster vann. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. okt. 2019 19:27

– Kampen er ikkje avgjerande, men den er viktig. Eg merker at den betyr noko ekstra for både spelarane, klubben og publikum, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

– Vi dominerte heime i vår, men gjekk på eit surt tap. No vil vi ha revansje. Dette er ein kamp vi gler oss veldig til, seier Os-trenar Endre Brenne.

• På Kuventræ i vår blei det 0-2-siger til Lysekloster. Sjå bildeserie og les kommentarar frå kampen.

Lysekloster ligg på 2. plass med 9 poeng opp til Vard Haugesund før 26. og siste serierunde i Norsk Tipping-ligaen. Os ligg på 11. plass, 10 poeng framfor Vestfossen. Ingen risikerer noko. Lysekloster kan ramla til 3. plass, Os kan klatra ein plass eller to.

No er det «best i bygdo» som betyr mest.

Lysekloster har vunne 8 av 12 heimekampar i år. Os har vunne 6 av 12 bortekampar.

– Vil det at ingen kjempar om opprykk eller nedrykk gjera kampen meir underhaldande?

– Kanskje. Eg håper vi får sjå to lag som begge prøver å spela god angrepsfotball, svarer Ruben.

– Ja, det kan godt henda. Her får vi to lag som ikkje er redde for å ta litt sjansar, som begge vil styra kampen og som eg håper vil prøva å angripa mykje, svarer Endre.

– Vil Lysekloster, som har hatt ein langt betre sesong, og som no har fått samkøyrd mannskapen sin, også spelemessig vera betre enn i førre oppgjer?

– Eg har sett mange Os-kampar i år, og eg synest det er rart at dei no ligg på 11. plass. Dei har mange gode spelarar og vi tar ikkje lett på oppgåva, seier Hetlevik.

– Lysekloster er eit vaksent og robust lag, det er klart det blir ei utfordring når dei no har ein god sesong bak seg, seier Brenne.

Status i stallane

Lysekloster har tidlegare i haust terminert kontrakten med tre polske spelarar.

– Szymon Walczak, som har budd i Noreg sidan han var barn, har starta krevjande studie (i Noreg) og er usikker på om han vil spela neste sesong. Dei to andre hadde fått gode tilbod i Polen, og spurde om dei kunne få reisa. Opprykket var utanfor rekkevidde, og vi ville satsa vidare på dei som vi òg kan bruka neste sesong, fortel Ruben.

– Elles har vi hatt litt sjukdom i stallen denne veka, men vi håper å få alle i trening til torsdag og ha full stall å velja frå til kampen laurdag.

Elles er Lysekloster godt i gang med signering for neste år.

– Fem spelarar er signerte for 2020 (Simen Næss, Håkon Brautaset, Thorvald Trætteberg, Joachim Westrheim og Stefan Aase), og i løpet av få veker har nok langt fleire enn vi hadde i januar før årets sesong.

På Os er Mats Cato Moldskred tilbake etter ankelskade, men kaptein Marius Mikkelsen ute med karantene.

Også midtstoppa Lexander Dale og midtbanespelar Rafael Villén må stå over derbyet.

Statistikken mellom Lysekloster og Os

Laurdag møter laga kvarandre for 9. gong, der Os har vunne 3 kampar, Lysekloster 4* og heile 3 (4) oppgjer har enda uavgjort.

* Ein av dei fire sigrane til Lysekloster var ein NM-runde som sto uavgjort etter full tid, men der Lysekloster sikra sigeren i ekstraomgang.

Sånn sett er dette ein finale, med status 3-3 i sigrar etter ordinær tid.

Sånn har det gått i tidlegare oppgjer:
2013: Os - Lysekloster 3-0 (2-0).
2013: Lysekloster - Os 2-2 (0-1)
2014 (NM-kvalik): Os - Lysekloster 3-1 (1-0)
2014: Os - Lysekloster 3-3 (2-1)
2014: Lysekloster - Os 2-2 (2-1)
2016 (NM): Os - Lysekloster 2-4 (eeo)
2017: Lysekloster - Os 2-0
2017: Os - Lysekloster 4-3
2019: Os - Lysekloster 0-2
2019: Lysekloster - Os, kampen går laurdag 26. oktober med start kl 12.00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.