Fotball | 21. mars 2017

Desse får KUP-midlar

Formannskapet delte tysdag ut 1 million kroner i KUP-midlar. Mange lag og organisasjonar kan gle seg over tilskot til utstyr og aktivitet.

Desse får KUP-midlar
Os Roklubb er blant dei som får midlar til nytt utstyr, ein ny singescullar for dei yngste og ei romaskin for same målgruppe (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 21. mars 2017 13:29

I formannskapet tysdag handsama politikarane dei innkomne søknadane på tildeling av dei kommunale kulturellt utviklings prosjekt-midlane (KUP). I potten låg det ein million kroner, men også denne gong blei ein søkjer utegløymd frå oversikta då arbeidsgruppa beståande av Marie Bruarøy, Laila Marie Reiertsen og Helge Steinum laga innstillinga til formannskapet.

– Det gjeld fotballcupen til Søfteland IL. Der har kultureininga sagt at dei finn midlar på sitt budsjett slik at også Søfteland får sama summen som dei andre fotballcupane. Om ikkje hadde eg foreslått at vi tok det frå formannskapet sitt disposisjonsfond, forklarte Bruarøy.

64 prosjekt får støtte

Av søkjarmassen på 2,97 millionar kroner har arbeidsgruppa klart å fordela den eine millionen dei hadde til råde på heile 64 ulike prosjekt, kor hovudtyngda går til aktivitetar for born og unge.

– Det er kjekt å sjå mangfolde i frivilligheiten i kommunen. Denne tildelinga treff alle aldergrupper og interessefelt. Om eg skal seie det sjølv så tykkjer eg arbeidsgruppa har gjort eit godt stykkje arbeid, kommenterte Bruarøy sjølv, før ho fekk støtte frå Gustav Bahus (Frp).

– Det har du rett i. De skal ha skryt for innstillinga.

Ber om gjennomgang av kulturområdet

Eit samrøysta formannskap, som var redusert med to mann, både Eirik André Hesthamar (Frp) og Jon Sivert Rykkel (V) var ugild, då dei er involvert i prosjekt som søkte om støtte, gjekk for innstillinga frå arbeidsgruppa.

– Eg har eit tilleggsforslag frå Ap og MDG kor vi ber administrasjonen om ei sak kor ein går gjennom alle dei ulike tildelingane på kulturområdet, både når det gjeld tildeling til profesjonelle og amatørar, kommenterte Helge Steinum (AP).

– Ofte er det dei som søkjer om dei minste summane som har dei strengaste krava. Vi ønskjer ein sak på korleis handtera dette, supplerte Nils-Anders Nøttseter (MDG).

Dei to fekk det som dei ønskja.

– Vi har lagt ein plan for ette. Det er nesten urettferdig at du kor mykje tid du skal nytta på å søka om 2000 kroner samenlikna med 300 000. Det kjem ei sak til tenesteutvalet og kommunestyret. Målet er å komma med nye retningslinjer til kommunestyret sitt møte i oktober, svarte kultursjef Lisbeth Axelsen.

Desse får KUP-midlar i 2017

Søkjar Føremål Tildelt kr Arne Hadler-Olsen Støtte til prosjekt Tokyo 2020 15 000 Bjørnefjorden Golfklubb Golfskule 2017 10 000 CISV Os Ungdomsleir 2017 20 000 Frøydis Flotve 40-års jubileum Bente Bratlund 30 000 Havnesjefen 4H Opplæring i styreverv/klubbrådgjeving 11 500 IL Øyglimt Redd Barna Cup 2017 10 000 IL Øyglimt m/fleire Guttehandballdagen 2017 10 000 IL Øyglimt m/fleire Jentefotballdagen 10 000 Join Us Ten Sing 40 års jubileum 20 000 Lysekloster idrettslag Etterskuletilbod 3-7 klasse 10 000 Lysekloster idrettslag Fotballcup 10 000 Lysekloster idrettslag Spansk-norsk fotballskole 10 000 Lyshornet skolebrass Instrument 30 000 Moldegaard ryttersportklubb Nasjonalt stevne og open dag 10 000 MS Midthordland 70 års jubileum 20 000 Nore Neset Idrettslag Minihåndballmål 7 500 Nore Neset Idrettslag Utstyr 3'ar fotball 25 000 Nore Neset Idrettslag Åpningscup (ny bane) fotball 10 000 Nore Neset Sanitetsforening Utstyr til aktivitetsklubb 20 000 Nore Neset skulekorps Innkjøp instrumenter 20 000 Os Musikkforening Ung Blås – inspirasjonseminar og konsert 30 000 Os Revmatikerlag Tur til Ramsholmen 6 000 Os Roklubb Ny singelsculler for dei yngste 35 000 Os Roklubb Romaskin for dei yngste 12 500 Os Roklubb Treningssamling for klubbmedl. 10 000 Os skulekorps Instrument 20 000 Os skulekorps Konsert Oseana 20 000 Os Sokneråd Skapingsdagane 10 000 Os Svømmeklubb Osmesterskap/kompetanse/drift 30 000 Os Turlag/barnas turlag Gapahuk og lavo med botn 30 000 Os Turn Fotball Eat Move Sleep Cup 10 000 Os Turn Fotball Hassan El Fakiris Fotballskole 10 000 Os Turn Fotball Os Akademiet 10 000 Os Turn Fotball Os Fotball Telenor Xtra Fotball.fo 10 000 Osbadet KF Utstyr open hall søndager 20 000 Osbadet KF utstyr til bl.a. Nattbading ungdom 20 000 Oseana Seniortreff 30 000 Oseana Ufest 2018 50 000 Oselvarverkstaden Interaktiv formidling mm 50 000 Raggsokk Production Spillefilm 30 000 Skeietunet Vel Aktivitetsplass 20 000 Stifelsen Musica Nord Oseana Kammerfest 20 000 Stiftinga Det historiske tun Konsertar og arrangement 25 000 Studio O «Nattspill» 40 000 Søfteland TIL Antisklimatter/springbrett 15 000 Søfteland TIL Fotballskole 7 500 Søfteland TIL Friidrettsstevne 10 000 Søfteland ungdomslag discogjengen Div utstyr aktivitet for ungdom 20 000 Søre Øyane Arbeidsstove Aktivitetskveldar for u/v 5 000 Teatergruppe for barn Ny aldersgruppe 20 000 Tilslørte Bondepiker Konsert Oseana 10 000 Torsneset Vel Aktivitetsplass/nærmiljøanlegg 20 000 Vidar Bratlund-Mæland Julehefte til skulane 15 000 Øvre Lekvenmarka Vel Nærmiljøanlegg 20 000 *Søfteland TIL Fotballcup 10 000 * Utegløymt i handsaminga, dekkast av kultureininga

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.