Kultur | 14. okt. 2019

Desse fire utgjer juryen i ny talentkonkurranse

Kva er du flink til? Os sentrumsforening vil sjå deg på scenen laurdag 2. november.

Desse fire utgjer juryen i ny talentkonkurranse
Desse fire dommarane vil sjå deg laurdag 2. november. F.v.: Patricia Langeland, Eirik Søfteland, Mats Cato Moldskred og Martine Frotveit Johnsen. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 14. okt. 2019 10:11

Nyleg vart det kjend at kokken Peter «Danske-Peder» Moesgård, saman med Os Sentrumsforening, Havnechefen og Catten skal laga ein fyldig oktoberfest i telt på Osøyro den første helga i november.

– Vi reknar med god oppslutning, så vi køyrer festivalen over to dagar, sa leiar i Os Sentrumsforening, Jeanett Borgen Kallekleiv då.

Fredag kveld og laurdag kveld blir like, både i meny og musikk. Heilsteikt gris, sauerkraut, grilla småpoteter, saus og salatar. På scenen står først eit stor tyrolerorkester, så det lokale popbandet Kivi.

– På ettermiddagen laurdag blir det ølsmaking, men eg jobbar òg med å laga eit program tidlegare på dagen, for dei yngre, sånn at det blir ein festival for heile familien.

Talentkonkurranse i Venneveko

No er altså programmet for dei yngste klart.

– Laurdag 2. november blir det talentkonkurranse for born opp til 16 år, fortel Kallekleiv.

– Om du eller nokon du kjenner har eit talent i noko, vil vi gjerne sjå deg på talentkonkurransen.

Kallekleiv fortel at det ikkje er grenser i kva for talent du kan delta med;

– Song, dans, rokkering, triksing i fotball, trylling, instrument, beatboksing - vi vil sjå alt!

– Talentkonkurransen blir del av Venneveko, så vi blir ekstra glade om gode vener opptrer saman.

Kredibel jury

Juryen er lokal, og sett saman av både nykomarar og kulturelle ringrevar.

Arrangørane har fått med seg ferske singeldebutantar, Mats Cato Moldskred og Martine Frotveit Johnsen, danselærarinne Patricia Carolina Langeland og tidegare Idol- og Skal vi danse-finalist Eirik Strønen Søfteland.

Dei fire dommarane har enno ikkje fordelt mellom seg kven som skal vera den snille dommaren, og kven som skal vera Simon Cowell.

– Eg kan vera den slemme, men eg kjem nok til vera mjuk når alt kjem til alt, seier Eirik.

Patricia på side meiner at ho bør få vera dommaren med veto- og dobbelstemme;

– Eg er jo eldst - det bør jo telja litt.

Mats Cato er sjølvutnemd fotball-dommar, men innrømmer at han uansett kjem til å støtta seg til Eirik når det vert vanskeleg.

Martine på side er overtydd om at ho skal vera den snille dommaren.

– Eg er berre kjempeglad over tilliten over å få sitja i ein så flott jury. Dette er jo kred for meg, så tidleg i mi eiga karriere.

Tilbyr øvingar med rettleiing

Kallekleiv fortel at talentkonkuransen vil bli arrangert i det store teltet som skal riggast i samband med oktoberfesten.

Vinnaranen, eller vinnarane, får både gåvekort i Os sentrum og to billettar til Good Time Charlie sin familiekonsert i Oseana same dagen.

– Vi har òg ordna med moglegheiter for deltakarane til å øva på Baronessen tysdag og onsdag kveld - her vil dei få hjelp og rettleing frå erfarne og flinke folk.

– Påmeldinga til talentkonkurransen er no open, og du finn meir informasjon på Os Sentrumsforening sine nettsider, seier Kallekleiv.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.