Anne Kat, Halvdan Sivertsen, Unni Wilhelmsen, Henning Kvitnes og Sven Nordin er blant dei du kan oppleva i Oseana våren 2017. (Fotobyline i bildeserien under)

Desse kan du oppleva i Os over nyttår

Konsertar, revy, teater og lokale innslag - her er meir frå Oseana sitt nylanserte vårprogram.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Det var god stemning med gløgg, graut og underhaldning i fullsett foajé i Oseana laurdag.

Les òg: Tøysete programslepp i Oseana (stemningsrapport frå programsleppet)

Janne Mari Hjelle og direktør Ole Tobias Lindeberg fortalte og viste, på storskjerm og scene, om det samansette vårprogrammet, som er særleg tettpakka i februar og mars.

Utstillarane

Griegsamlinga, som blei tatt ned før Inger Sitter-utstillinga, skal ha re-opning på nyåret. Seinare kjem Bergen Kulturskole med utstilling før sommarutstillinga skal på plass.

Også Bjarne Svanøe, Wullf Andreassen og seinare Aage Langhelle skal stilla ut i Oseana denne våren.

Fire faste

2017 startar med tre av dei fire faste innslaga, bygdekino, foredrag i senioruniversitetet og jazzkafé første helga og veke som følgjer.

Bygdekinoen i Os, som allereie i Fjellheim-dagane var Noregs mest besøkte Bygdekinoen-stad, held fram med kino annakvar søndag gjennom året.

Fyldig lokalprogram

Mange osingar skal på scenen i kulturhuset komande år òg.

Ungdomens kulturmønstring (UKM), som dei siste åra har blitt arrangert med komande sambygdingar frå Fusa, blei i fjor arrangert nettopp i Fusa. I år, 12. februar, skal ungdomen igjen på scenen i Oseana.

Før dette, onsdag 25. januar, er Sjøforsvarets Musikkorps Vestlandet, med musikarar frå Os, i Oseana med «Ship of Swing», der dei blant anna speler musikk av Ella Fitzgerald og Duke Ellington.

Også på teaterscenen blir det lokale artistar på scenen. Os barne- og ungdomsteater presenterer eit nytt manus frå DUS, «Å telle til null», som handlar om unge menneske som prøver å finna ut kven dei er, kva som er ekte og korleis andre ser på deg.

16. mars blir det latinsk dans framført av elevar ved Os kulturskule i framsyninga «Fiesta latina».

Dei første vårmånadane har meir å by på av kortreist underhaldning, unge og ambisiøse HM Johnsen frå Os slepp debutalbumet sitt «Chased» med showkonsert i Oseana 25.mars.

I mars og april kan du òg oppleva Før NM-konsert med Os Musikkforening (28/3) og Grease (6/4) og vårkonsert (22/4) med elevar frå Os kulturskule.

Fleire nysatsingar

I tillegg til lesestafett og U-Fest, som vi fortalte om i går, er «Bajazz», Bergen Jazzforum sin populære konsertserie for born, ny i Oseana.

Nytt er også at Flåklypa har inntatt teaterscenen. Den første veka i februar blir ei stor teater-veke i Oseana, søndag 5. februar med den store oppsettinga Heia Flåklypa!, tysdag 7. februar med Sven Nordin som «En mann ved navn Ove».

Unge komponistar, delvis kortreiste, blir det òg å oppleva. Elevar frå Glenn Erik Haugland sitt Session Studio O stiller med «Avgårde med ny musikk frå Gullkysten» i slutten av mars.

Grieg Trio, etablert i 1987, er venta å bli eit klassisk høgdepunkt når klavertrioen speler konsert i slutten april.

Fleire kjente namn

Spesielt februar og mars er tettpakka, og samla sett har våren mange kjendisar å by på;

• Sondre Lerche 21/1
• Heia Flåklypa! (teater) 5/2
• En mann ved navn Ove (Sven Nordin, teater) 7/2
• Latter LIVE (Loven, Neess, Carrington, Ødegaard og Ravneberg) 24/2
• Gudbedre! (Anne Kat Hærland) 2/3
• Halvdan Sivertsen - Ennu ikke landa 10/3
• Christine Sandtorv 11/3
• Unni Wilhelmsen og Henning Kvitnes 17/3
• Kollaps i kulissene (teater med bl.a. Hege Schøyen og Ingar Helge Himle) 31/3
• U-FEST (Kløver og Skarre R + Lisky og Raylee) 20/5
• Nordvegen, med Ivar Bjørnson og Einar Selvik frå Enslaved 28/5

Fleire saker