Lokal | 23. juni 2017

Desse representerer Os

Kommunesamanslåinga • Os kommunestyret har oppnemnd representantar til fellesnemnda.

Desse representerer Os
Marie Bruarøy (H) er ei av dei som skal sita i fellesnemnda for Os og Fusa (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 23. juni 2017 12:09

I kommunestyremøtet tysdag oppnemnde Os kommune sine representantar og vararepresentanter til fellesnemnda med Fusa kommune.

– Det er ei glede å koma med ei fellesliste frå Os kommunestyre. Det har vore gjort eit viktig stykke arbeid. Eg er glad vi har einast om ei liste, innleia ordførar Marie Bruarøy (H).

Dette er medlemmane

I nemnda, frå Os sit følgjande med personleg vara:

Marie Bruarøy (H) - Ståle Skaatun (H)
Laila Marie Reiertsen (Frp) - Jonn Garvik (Frp)
Gustav Bahus (Frp) - Marianne Neumann Hjelle (Frp)
Helge Steinum (Ap) - Tone Hepsøe (Ap)
Jon Sivert Rykkel (V) - Torunn Øvredal (TvS)

Kva om Terje kjem heim?

Bruarøy hadde i tillegg ein protokollmerknad å koma med.

– Vi er eit breitt politisk samansatt utval, men eg har ein liten protokollmerknad å legga til. Om han som no er olje- og energiminister kjem tilbake som ordførar, så går Terje Søviknes inn i nemnda og Gustav Bahus ut.

Ba om evaulering, og eventuell utviding

Ein protokollmerknad hadde også Jakob Enerhaug (KrF) på vegne av Krf, V, Sp, MDG, Tvs og Ap.

– Vi oppmodar sterkt at ei finn ein måte å involvere alle partigruppene på i fellesnemnda. Difor foreslår vi eit tillegg i mandatet kor ein skriv at det er eit mål å gjera fellesnemnda representativ for alle partigruppene i dei to kommunane og at ein difor skal gjera ei evaluering etter ni månader, kor ein vurderar å utvide fellesnemnda slik at alle partigruppene er representert.

– Bakgrunnen er den presentasjonen vi fekk på det felles kommunestyremøtet frå ordføraren i Rissa kommune, forklarte Enerhaug.

– Eg tenkjer at ti representanter i fellesnemnda også er eit representativt av folkeviljen i Os og Fusa. Ei breiare politisk representasjon kan sikrast ved at alle partia blir representert i dei ulike underutvala som skal jobba med einskilte områder, kommenterte Espen Aspenes (Frp).

– Eg trur det er viktig å lytta til dei partigruppene som ikkje kjem inn i fellesnemnda. Difor er det ein protokollmerknad. Det er ein intensjon og eit ønskje frå oss mindre partia at ein ser på om det er mogleg å finne ein god og inkluderande løysing, svara Enerhaug.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.