Sport | 05. mai 2019

Desse tre skåra to mål kvar

Os med nok ein storsiger på bortebane.

Desse tre skåra to mål kvar
F.v.: Ekeland, Bødtker og Moldskred skåra to mål kvar i dag. I tillegg blei det nettkjenning på kaptein Mikkelsen. (Privat bilde, foto: Os Fotball)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 05. mai 2019 15:37

I førre bortekamp vann Os 1-5, i dag blei det 3-7!

Os spelte mot Vestfossen i fjerde serierunde. Vestfossen har starta sesongen med tre tap, likevel kunne dette blitt ein vanskeleg kamp for Os.

– Eg har inntrykk av at dei hadde mobilisert godt, at dei verkeleg gjekk for siger i dag.

Vestfossen skal ha nokre erfarne spelarar som stort sett berre deltar på heimekampar.

– I tillegg har dei grasbane med krevjande forhold, seier Os-trenar Endre Brenne.

Likevel blei det siger 3-7. Moldskred, Ekeland og Bødtker skårer 2 mål kvar, i tillegg blei det mål på kaptein Mikkelsen.

– Vi skårer ikkje berre 7 mål, vi skaper enormt med sjansar. I tillegg synest eg dei yngste spelarane våre verkeleg står fram og er tøffe i duellane, seier Brenne.

– Er det eit skår i gleda å sleppa inn tre mål i ein kamp som denne?

– Dei reduserer til 1-3 på straffe som for meg ikkje såg ut som straffe, og slepp inn to litt enkle i ein periode vi blei litt overivrige. Det var ein kjekk kamp, men vi har òg lært litt i dag.

Vestfossen - Os 3-7 (1-4)
Målskårarar, Os: 0-1 Mats Cato Moldskred, 0-2 Roger Ekeland, 0-3 Marius Mikkelsen, 1-4 Moldskred, 2-5 Ekeland, 3-6 og 3-7 Fabian Bødkter.
Os: Chris Sunde Midtun - Torgeir Lunde, Carlos Mendes, Jonas Fagerbakke Hovland, Anders Havsgård - Steffen Kvamsdal, Marius Mikkelsen, Rafael Villén - Frode Storebø, Mats Cato Moldskred og Roger Ekeland.
Innbytarar med speletid: Fabian Bødtker og Kristoffer Røttingen.

I neste runde speler Os mot Fyllingsdalen. Fyllingsdalen har tatt berre 3 poeng på sine første 4 kampar. Kampen går på Kuventræ laurdag.

• Terminliste og tabell på fotball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.