Kultur | 10. des. 2014

Det avsluttande kapittelet

Bygdekinoen avsluttar sesongen med eit gjensyn med Karsten og Petra og den tredje og siste filmen i Hobbiten-trilogien.

Det avsluttande kapittelet
Trollmannen Gandalf i Hobbiten: Femhærerslaget. (Foto/Copyright: SF Norge AS). Petra i Karsten og Petras vidunderlige jul. (Foto/Copyright: Cinenord & SF Norge)
Kari M. Lyssandonsdag 10. des. 2014 07:22

Sundag er det tid for den siste bygdekinoen i Oseana dette året, då viser dei den populære barnefilmen Karsten og Petras vidunderlige jul som dei og hadde på plakaten for to veker sidan. I tillegg kan ein få med seg det avsluttande kapittelet i Hobitten, i Hobitten: Femhærerslaget.

Karsten og Petras vidunderlige jul

Karsten og Petras vidunderlige jul er den tredje filmen basert på Tor Åge Bringsværd sine bøker om dei to bestevenene. Forige film fekk vi bli med dei på vinterferie saman med Petra sin morfar og kjærasten hans Esther.

I den nye filmen om dei to nærmar det seg jul og Petra er veldig spent for Bassa skal ha kvalpar. Ho håper og at nissen skal koma inn på rommet hennar med gåver denne jula, i staden for å levera dei utanfor døra som vanleg.

Dei to bestevenene må og legga ein plan for å få morfar til å ombestemma seg og ikkje reise på hytta til Esther i jula. Dei håper at å lage verdas aller-aller-aller beste julestemning skal få han på andre tanker.

Regi: Arne Lindtner Næss. Skodespelarar: Thorbjørn Harr, Janne Formoe, Nora Amundsen, Elias Søvold-Simonsen, Hilde Louise Asbjørnsen, Ivar Nørve, Sigrun Enge, Hilde Lyran, Markus Tønseth, Anna Celine Bredal, Tone Johnsen, Inger Teien.

Filmen startar klokka 16.00 og er tillatt for alle.

Hobbiten: Femhærerslaget

Den siste filmen i Hobbiten- trilogien, Femhærerslaget, er den episke avslutninga på eventyret om Bilbo Lommelun, Thorin Eikenskjold og reisefølget av dvergar. Ved å krevje tilbake heimlandet sitt frå dragen Smaug, slapp dei ei dødeleg og frykteleg kraft ut i verda.

Ein rasande Smaug let sinnet sitt gå utover dei uskuldige innbyggarane i Langsjøby. Besett av den gjenkrevde skatten ofrar Thorin vennskap og ære for å omfamne mest mogleg av den. Bilbo må ta farlege og desperate val når han prøvar å snakke Thorin til vett, men den største fara ligg framfor dei.

Ukjent for alle, bortsett frå trollmannen Gandalv den Grå, har fienden Sauron sendt ein armé av orkar i eit snikangrep på Ensomfjellet. Bilbo kjempar både for sitt eige og for vennane sitt liv i det episke Femhærerslaget - skjebna til Midgard kvilar på akslene deira. Filmane i triologien Hobbiten er basert på boka med same navn og er skriven av J.R.R Tolkien. Handlinga går føre seg ei stund før Ringenes Herre-bøkene.

Filmen startar klokka 19.00. Aldersgrense 11 år. Born under 11 år blir fråråda å sjå denne filmen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.