Sport | 10. mars 2014

– Det bikka Odda sin veg

Det blei målkalas då Os 2 tok imot Odda i fjor. I treningskampen laurdag var det jamnare.

– Det bikka Odda sin veg
Os 2 slo Odda 7-2 i serien i fjor. Ingen av spelarane på bildet var med på treningskampen laurdag.  (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 10. mars 2014 08:36

Laurdag spelte Os sin siste treningskamp før treningsleir til Kypros og NM-kvalik mot Lysekloser.

Etter 3-3 borte mot Stord helga før var det ein del andre spelarar som fekk prøva seg mot Odda på Kuventræ.

Os 2 slo Odda heile 7-2 heime i serien i 4. divisjon fjor, men Os 2 rykte ned, Odda rykte opp.

Laurdag blei det tap.

Os - Odda 0-2 (0-0)

– Det blei ein jamn kamp der vi hadde dei største sjansane før skåringa kom. Odda tok leiinga ti minutt før slutt og sette inn eitt til før kampen var over.

– Det var ein grei kamp der vi fekk svar på ein del ting. Forsvarsrekka vår klarte seg bra, elles var det litt lite sprut over tinga. Odda var fysisk sterke og gav oss litt juling i duellane, seier Os-trenar Jørn Vegard Berge.

Os (4-3-3): Frode Moberg Øvredal - John Ole Johannessen, Dani Alvær Bergstø, Børge Borgen, Fredrik Heggeland - Andrej Nemec, Stian Lunde, Mats Lepsøe - Patric Bujna, Stian Bakke og Kenneth Gjerde.

Innbytarar med speletid: Roar Vestbø (ut igjen med skade etter kort tid), Mats Cato Moldskred og Erik Kanestrøm.

Treningsleir på Kypros

Til helga reiser Os på treningsleir til Kypros. Måndag møter dei eit ukrainsk lag i treningskamp.

Os-spelarane kjem heim igjen fredag 21. mars, dagen før kvalifiseringskamp i NM på heimebane mot Lysekloster.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.