– Det blei koseleg
WT Litteraturfestival: Gunnar Staalesen og Frode Grytten tonesett med smekrande lyd gav ei intim og koseleg stund i Oseana.
Den første heile dagen av WT Litteraturfestival blei runda av med Frode Gryttens Beatband møtar Gunnar Staalesens Vargtime i Oseana fredag kveld.
Vel 80 tilskodarar hadde funne vegen til, for anledninga, ein intim Oseanasal med runde bord og god klubbstemning.
- Dette blei meir enn eg i mi villeste fantasi hadde våga å håpe på, fortalde festivaldirektør Frode Sirevåg.
Fungerar som musikk òg
Dei to kjende forfattarane las eigne tekster og utdrag frå bøkene tonesatt og tett følgd av smigrande jazztoner og nedtona blues.
Ein ting er sikkert. God litteratur fungerar utmerket som musikk òg.
- Dette var rett og slett berre bra, meinte ein av tilhørarane Midtsiden snakka med.
Godt nøgd
Festivaldirektøren er godt nøgd med korleis den første dagen har vore. Høgtlesing, lyrikk og fantasy sto på programmet før Grytten og Staalesen satte kvarande i stemne.
- Det har rett og slett vore ein koseleg dag, konkluderar Frode Sirevåg.
I dag, laurdag, står ei utseld framsyning med born frå Søre Neset og Kuventræ skule, skrivekurs og bokbad med krimforfattarane Gunnar Staalesen, Jørn Lie Horst og Ingrid Berglund på programmet før det heile avsluttast med Litteraturgalla krona med Orbo & The Longshots.
- Der blir det sjølvsagt utdeling av prisar, raud løpar og stor festivitas, avsluttar Sirevåg.