Lokal | 11. des. 2012

- Det blei for mykje

LOL legg ned halvanna år etter at den opna i Os sentrum. - Butikkdrift parallelt med full jobb blei i travlaste laget, seier Lena Stigen Mathisen.

- Det blei for mykje
Lena Stigen Mathisen er glad dei har tatt den vanskelege avgjerda. - Det var ikkje grunnlag for å driva vidare på samen måten, seier ho (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 11. des. 2012 14:52

I halvanna år har søstrene Lena Stigen Mathisen og Mona Stigen, saman med mann og svoger, drive klesbutikken LOL på Osøyro. No har dei bestemt seg for å avvikla butikken.

- Det er tøft å driva butikk og vanskeleg å få det til å gå rundt.

- Vi har eigentleg andre jobbar som hovudgesjeft, så då vi såg at drifta ikkje var slik at vi kunne ha fulltidstilsette fann vi ut at det beste var å gje seg, fortel Lena Stigen Mathisen.

- Det er trist

Mathisen presiserer at dei kunne ha halde fram drifta, men innrømmer at lysta ikkje er stor nok til å ofra det som må til.

- Det er supertrist å gjera dette.

- Vi trudde og meinte at Os hadde brukt for ein butikk med ungdomsklede for både ungdomar og unge vaksne, men responsen har ikkje vore den vi håpte på.

- Samtidig har vi hatt mange gode og faste kundar som har brukt oss jamnt. Dei må eg få lov til å takka, smilar Mathisen.

Bruk lokale leverandørar

Sjølv om dei no gjev seg som butikkdrivarar har Mathisen ei klar oppmoding å koma med.

- No i desse juletider går det ei kampanje frå Norsk Gründerforum om å handla lokalt, anten det er i lokale butikkar, hos kunstnarar eller i lokalt drivne nettbutikkar.

- Eg kunne ikkje vore meir einig. Kvifor skal vi reisa til byen å handla, når vi får dei same varene på Os, spør ho retorisk.

Håper på triveleg julehandel

Planen er å halda LOL open fram til nyttår før dei avviklar drifta.

- Vi satsar på at mange osingar finn vegen til sentrum og innom oss for ein god julegåvehandel.

- Eg kan lova mange hyggelege prisar, seier Mathisen.

Ikkje parkeringa si skuld

Lena Stigen Mathisen sit òg i styret i Os sentrumsforening og er glødande oppteken av eit levande sentrum.

- Er det bråket rundt parkering og trafikkmønster som er grunnen til at de ikkje har lykkast?

- Nei, det er det ikkje. Parkeringa har blitt bra den, men det er klart at all støyen som har vore rundt det ikkje har vore positivt for oss om driv verksemder i sentrum. Men no følar eg at ting har falt på plass.

- Det er vel meir at klesbransjen er ein tøff bransje, og vi lykkast ikkje med å nå ut til potensielle kundar i stor nok grad, sjølv om eg synes vi har vore med på ein del aktivitetar og fått vist oss godt fram, avsluttar Lena Stigen Mathisen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.