Kultur | 01. okt. 2014

Det blei nesten for Fredrik

Fredrik Dahle Kristiansen tok seg til topp 40, men fekk ikkje plass i finalerundane i Idol.

Det blei nesten for Fredrik
Fredrik Dahle Kristiansen i kveldens semifinale. (Foto: Thomas Reisæter, TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. okt. 2014 22:08

I fjor tok Eirik Søfteland seg heilt til superfinale og 2. plass før han vann Skal vi danse - i år har Fredrik Dahle Kristiansen tatt seg til topp 40, men det gjekk dessverre for osingen ikkje vegen i kveld.

Etter å ha levert ein knallversjon av Sexy And I know It fekk han ros, men ikkje nok stemmer til å gå vidare nok ein gong.

Les òg: – Eg har stemt 100 gongar! (stemningsrapport frå Idol-vake på Solsiden)

Jørn og Tara tok dei to plassane i finalerundane.

No står det éin semifinalerunde igjen før alle ti er tatt ut.

Dette song semifinalistane i kveld:
Charlotte Sally Aleah Johansen (20) frå Fredrikstad/Oslo syng Rihannas "Stay".
Ramon Torres Andresen (15) frå Gjerdrum syng "Love Runs Out" av OneRepublic.
Fredrik Dahle Kristiansen (21) frå Os syng "Sexy And I Know It" av James Arthur.
Tara Lill Flåten Nicolaisen (17) frå Lakselv syng ZZ Wards "Put The Gun Down".
Sophie Strøm (16) frå Kristiansund syng "Heaven" av Emili Sande
Jørn Trollebø Kvalheim (23) fra Måløy syng "Where Do My Bluebird Fly" av The Tallest Man Og Earth.
Ingrid Johansen (16) fra Odda syng "Use Somebody" av Kings Of Leon.
Jessa Gunnarsen (27) fra Tananger syng "The Prayer" av Andrea Bocceli og Celine Dion.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.