Kultur | 26. aug. 2015

– Det blir ei grandios opning!

Kulturkonsulent Kjetil Osablod Grønvigh gler seg til Oselvarfestivalen. – Opninga blir av det spektakulære slaget, lover han.

– Det blir ei grandios opning!
Kjetil Osablod Grønvigh, Thore Lunde, Per Rød og Jan Terje Skutlaberg er nokre av dei som står bak årets utgåve av Oselvarfestivalen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 26. aug. 2015 09:09

Laurdag om vel ei veke arrangerast Oselvarfestivalen i og rundt Oselvarverkstaden og Oselvarnaustet.

– I år har vi vald å flytta den vekk frå Bondens dag. Vi såg i fjor at det rett og slett blei for mykje. Begge arrangementa fortener den oppslutninga dei kan få, i staden for å skulle konkurrera med kvarandre, fortel Kjetil Osablod Grønvigh, kulturkonsulent i Os kommune.

Dirigentar i oselvarar

Festivalen fell saman med at Os mannskor får vitjing av namnebroren Os mannskor frå Østerdalen.

– Deira møte og arrangement blir eindel av Oselvarfestivalen. Opninga klokka 11 blir av det grandiose slaget.

– Vårt mannskor tar oppstilling på gjestebrygga framfor Essoen. Gjestane frå Østerdalen stiller seg på brygga nedanfor Oselvarverkstaden. Dirigentane plasserar vi i kvar sin oselvar midt i elva. Så skal dei fortløpande synga sine respektive Os-songar. Eg trur det kan bli ei magisk oppleving, seier Osablod Grønvigh, som satsar på godt vêr og snill sjø. Om ikkje blir opninga flytta til kvar si side av hopen ved Oselvarnaustet.

Musikk heile dagen

Etter opninga samlast dei to kora på aust-sida av elva for ein felles konsert.

– Det blir ein konsert på ein halvtimes tid kor båe kora syng eit par tre songar kver og eitt eller to fellesnummer, fortel Jan Terje Skutlaberg, formann i Os Mannskor. På repertoaret til det lokale koret står mellomanna Vamp sin Liten Fuggel og Sommernatt ved fjorden.

– I tillegg til konserten med mannskora stiller Os Durspelsamskipnad og Kurt Røttingen, om han ikkje må på fiske, opp for å gje oss musikalske innslag utover dagen, supplerar Osablod Grønvigh.

Leikebåtar og kapproing

Det har blitt ein tradisjon på Oselvarfestivalen at Oselvarverkstaden stiller med virke og basseng så ungar kan få laga eigne båtar og prøvesegla disse.

– Så blir det sjølvsagt kapproing. Vi legg ut bøyer og lagar ei løype. Det første heatet i kapproinga går med dirigentane frå dei to kora saman med sine respektive ordførarar, fortel Per Rød frå Oselvarlaget.

– Deretter er det ope for alle andre å stilla. Det er jo valår, så eg utfordrar samtlege parti til å melda seg på. Det ville vera artig å sjå om dei som ror kjappast òg vinn valet. Andre er òg hjarteleg velkommen til å utfordra andre. Os Rockeklubb utfordrar Os Roklubb. Dei har jo den same forkortinga, smiler kulturkonsulenten som ber interresserte om å senda han ein e-post.

Treftes på trebåtfestival

At dei to mannskora deltek på Oselvarfestivalen er heilt på sin plass.

– Vi var på vitjing til Os mannskor i Østerdalen i fjor. I år er det deira tur å komma til oss. Kontakten med koret fekk vi litt tilfeldig. Eitt av medlemma våre var på trebåtfestivalen i Risør då han kom i kontakt med ein anna kar der. Etter litt prat viste det seg at dei båe var songarar og song i Os Mannskor. Han kom heim og fortalde historia. Etterkvart fann vi ut at vi hadde lyst til å kontakta østerdølane, noko som resulterte turen i østerled i fjor, fortel Thore Lunde i mannskoret.

Konsert i Oseana

Dei to kora skal ikkje berre synga ved Oselvo.

– Kommunen har invitert til lunsj i Oseana. Den kombinerar vi med ein konsert i foajeen klokka 15.30. Då blir det eitt lett og ledig repertoar kor vi syng noko felles og noko kvar for oss. Vi kjem sjølvsagt til å synga signatursongen som Henrik Lyssand tonesette til oss for 30 år sidan - Det kvite landet. Teksten er eit dikt Elling T. Solheim skreiv som ein hyllest til heimefronten rett etter krigen.

– I tillegg står både Pink Panter og Allways look på programmet. Eitt av fellesnumra er Min plass på jorden. Du kjenner den kanskje betre som Gabriellas Song, men denne versjonen er arrangert for mannskor, avsluttar Jan Terje Skutlaberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.