Sport | 29. aug. 2013

– Det blir ei oppleving

For to år sidan klarte han knapt løpa opp på Høglikampen. Laurdag står Klas Færøvik på startstreken i VM i motbakkeløp i Janske Lazne i Tsjekkia.

– Det blir ei oppleving
Klas Færøvik gler seg til å delta i VM i motbakkeløp (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 29. aug. 2013 09:29

Det heile starta med at ein tidlegare bokse-kompis syntes han var blitt i overkant dårleg form og drog han med seg til Elixia på Sandsli. Etter to veker på tredemølla fann dei to kompisane ut at ein kunne like gjerne løpa ute.

– Høglikampen ligg rett bak der eg bur.

– Første gong eg løpe opp der uten pause var omlag to månader etter at eg hadde begynt å trena.

– Då brukte eg 22 minutt og var j..... stolt. No, to år seinare, går den same turen på 8,57, fortel Klas Færøvik, som torsdag set seg på flyet til tsjekkiske Janske Lanze for å delta i VM Masters i motbakkeløp.

– Alt anna enn siste er bra

503 deltakarar frå 25 land er påmeldt til det 13. VM i motbakkeløp. I Færøvik si klasse, menn 40-45 år, var det i fjor 120 deltakarar.

– Eg veit ikkje kor mange som er påmeldt i år, men reiser ned der med godt mot.

– Alt anna enn siste plass er bra. Klarar eg å hamne midt på resultatlista er eg kjempenøgd. Eg tek dette som læring for å sjå kor nivået ligg.

– Løypa passar meg

Løypa som går i eit alpinanlegg, er på 8 km med omlag 650 høgdemeter, og passar motbakkeløparen som hånd i hanske.

– Eg er best på litt slake motbakker. 10% stigning i snitt er ideelt.

– VM løypa, slik eg har sett ho på kartet, trur eg skal passa meg perfekt.

– Det er omtrent som å løpa opp på Møsnuken, men høgdemeterne er fordelt på dobbelt så mange kilometer som opp på Møsnuken, forklarar Klas.

– Er i god form

Knarvik Xtrem, som er ein del av Knarvikmila, blei arrangert førre veke.

– Det er eit variert løp på 10,7 km som verken er eit motbakkeløp, asfaltløp eller terrengløp, men litt av kvart.

– Difor er konkurransen knallhard for deltakar i alle dei tre greinene stiller til start.

– Det løpet var eit prov på at eg har formen inne. 15. plass totalt og 3. plass i klassa mi, med ei forbetring av tida på vel fire minutt er eg vel nøgd med, fortel motbakkeløparen som brukte 57,20 på dei vel 10 kilometerane.

Møtte veggen

Helga før møtte han bokstaveleg talt veggen, då han deltok på Skåla opp, 1846 høgemeter fordelt på 8,2 km.

– Eg kjente at kroppen var bra. Tøff i trynet stilte eg meg i framste rekke, saman med superløparane.

– Det gjekk ikkje.

– Etter berre to kilometer sa det bom stopp. Låra var pinnestive, det var så vidt eg klarte å karra meg opp dei siste seks kilometerane.

– Det gjekk faktisk så seint at eg ikkje klarte å halde varmen. Den tabba gjer eg ikkje i VM.

Vil koma på slutten

Med erfaringane frå Skåle opp og Knarvik Xtrem er taktikken klar.

– Eg gjer som i Knarvik. Legg meg litt bak i feltet i starten og satsar på å koma på slutten.

– Eg veit eg held distansen bra og har evnen til å koma på slutten, så eg satsar på å plukke plassar opp mot toppen.

I VM løper Klas for Nore Neset IL. Han er òg med i Opptur Motbakkeklubb, og oppfordrar alle som har lyst til å koma seg ut til å bli med når dei startar fellestreningane opp att i haust.

– Du treng ikkje vera supertrent eller motbakkeløpar for å bli med.

– Fellestreningane er opne for alle og går i eit tempo og terreng som dei fleste bør klara, avsluttar VM-løparen med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.