Lokal | 25. sep. 2015

Det blir ferjekø gjennom Osøyro

E39 Svegatjørn-Rådal: Sommaren 2016 aukar trafikken på Byvegen gjennom Os sentrum kraftig når E39 blir delvis stengd.

Det blir ferjekø gjennom Osøyro
Kari Bremnes er byggeleiar for Statens Vegvesen for strekninga frå Svegatjørn til Fana (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 25. sep. 2015 09:20

I samband med bygginga av E39 Svegatjørn-Rådal må entreprenørane stengja det eine løpet på dagens E39 for å grava ei seks meter djup VA-grøft frå Svegatjørn til Ulvenvatnet.

– I kontrakten har dei lov til å stenga den eine køyreretningen i inntil fire månadar i samband med VA-grøfta. Det betyr at trafikken som normalt går på E39 blir lagt om Os sentrum. Truleg vil dette skje frå mai 2016 og gjennom sommaren, fortalte Kari Bremnes, byggjeleiar i Statens vegvesen.

Utanom denne perioden skal trafikken gå som vanleg på europavegen.

Ferjekø forbi Undino

I planane er det lagt opp til at det er det nordgåande løpet frå Halhjem mot Bergen som skal leggast om via sentrum, noko som betyr om lag 150 bilar kvar halvtime.

– Er det vurdert andre løysingar, blei det stilt spørsmål om frå salen under folkemøtet i Oseana torsdag.

– Vi har diverre ikkje noko anna alternativ enn å stengja det eine løpet. Dette skuldast mellom anna fundamenta til Mobergsbrua som går over Ulvenvatnet. Bakgrunnen for at det er den nordgåande trafikken som ein har planar om å legga om sentrum er ein rapport frå Norconsult vi fekk for nokre år sidan, kor dette var den faglege tilrådinga, forklarte prosjektleiar Sverre Ottesen.

– Personleg forstår eg det ikkje heilt. Eg tenkjer det hadde vore betre å la sørgåande trafikk køyra om sentrum. Då hadde ein ikkje fått den same opphopinga som ein får når 150 bilar kjem frå ferja samstundes. Vi må sjå på rapporten ein gong til og sjå om det er den rette trafikkstraumen å legga om.

Rundkøyring ved Idrettsvegen?

Eit anna spørsmål som kom frå salen var om ein ville gjera noko med krysset mellom Byvegen og Idrettsvegen.

– For oss som bur i og brukar Idrettsvegen er det allereie i dag, nesten umogleg å komma ut på Byvegen, i allefall nordover, når trafikken frå Hatvikferja kjem. Vi må få trafikklys eller ei rundkøyring før Halhjemstrafikken blir lagt om, argumenterte spørsmålsstillaren.

– Det ligg ikkje inne planar om å gjera noko med det krysset. Ei rundkøyring vil kreva både grunn og ein reguleringsplan, så det vil ta for lang tid, men vi må setta oss ned saman med kommunen og sjå om det er noko vi kan gjera. Ei anleggsrundkøyring kan vera en mogleg løysing, men det må vi diskutera nærare, svara Ottesen.

Tryggare utan lysregulering

Blant dei om lag 100 tilhøyrarane på folkemøtet var fleire opptatt av trafikktryggleiken når ein får auka trafikk gjennom sentrum.

– Er det gjort tiltak rundt skulane?

– Nei, ikkje i utgangspunktet. Vi har fått innspel om fotgjengarfeltet oppe på Moberg med spørsmål om ein kan lysregulera det. Tilbakemeldingane vi har fått for dei i vegvesenet som jobbar med trafikktryggleik er at det ikkje er tilrådeleg å lysregulera fotgjengarfelt. Det som skjer er nemleg at ungane trykker på knappen og går ut i vegen så fort dei får grønn mann, utan å sjå at bilane faktisk har stoppa. Erfaringsmessig er det tryggare å ikkje lysregulera dei, for då ventar fotgjengarane til dei ser at bilane faktisk har stoppa, forklarte prosjektleiaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.