Kultur | 26. aug. 2011

- Det blir førehandssal

Er du ein av dei mange som har prøvd å få tak i billettar til kinoopninga i Oseana? Her er løysinga.

- Det blir førehandssal
Andris Hamrefredag 26. aug. 2011 08:30

Sundag 11. september har Bygdekinoen sine første framvisningar i Oseana Kunst- og Kultursenter. Midtsiden.no har fått mange spørsmål om det blir mogleg å kjøpe billettar på førehand og kvifor det ikkje går an å kjøpe dei på nettet.

- Eg lovde konemor at eg skulle kjøpa billettar til Hodejegarane, men då eg gjekk inn på filmweb.no fekk eg berre omtale og trailer, men ikkje moglegheit til kjøpa billetter slik som eg kan til kinoane i byen, fortel ein av dei som har henvendt seg til oss.

Han sendte en mail til filmweb og fekk til svar at Os ikkje hadde bestilt nettløysinga.

- Årsaka er at Bygdekinoen nyttar eit system som ikkje er av det heilt moderne slaget.

- Deira løysing snakkar ikkje saman med våre system, forklarar arrangementssjef Berit Steen i Oseana.

Førehandssal i Oseana

Då bygdekinoen heldt til i Fjellheim kunne ein gå på kommunetorget for å kjøpa billettar på førehand.

- Frå måndag 5. september kan filminteresserte osingar kome til oss og kjøpe billettar til dei to første framsyningane, seier Steen.

Ho fortel at Smurfane 3D får gleda av å innvia Oseanasalen som kinosal.

- Eg håper berre dei klarar å skaffe nok 3D-brillar, smilar Steen som anbefaler dei som har slike brillar sjølv om å ta dei med for sikkerheits skuld.

Hodejegarane med Axel Henie i hovudrolla blir første «vaksenframsyning» i haust. Filmen har kinopremiere i dag, fredag, men riksavisane har allereia trilla terningen. Både Aftenposten, VG, Dagbladet, NRK landar på 5.

- «Hodejegerne» åpner latterdøren, presser deg neglebitende lengst ut på kinosetet - og tvinger deg nesten til å grave frem lommetørklet, skriv VG i si melding av filmen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.