Lokal | 29. nov. 2012

Det blir lys i år òg!

Julenissens gode hjelparar i Os kulturutvikling syt for lys på Borgafjellet også i år. Onsdag gjorde dei førebuande arbeid.

Det blir lys i år òg!
Månen og lysa på Borgafjellet i vakker harmoni 2. desember 2009. Sundag tennes lysa på nytt (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 29. nov. 2012 10:38

Kvart år sidan Arne Martin Holen i 1999 fann på at ei fin milleniumsmarkering hadde vore å lyssetje masta på Borgafjellet har julenissens gode hjelparar i Os kulturutvikling sørga for lyspyramiden som kan sjåast frå Vallaheia i nord til Tysnes og Stord i sør.

Onsdag var dei på ny oppe for å gjera dei førebuande arbeidene.

- Vi har framleis noko arbeid att, fortel Leif Ragnar Tveit.

Laurdag i ti halv elleve-tida skal dei samlast på toppen av Borgafjellet for å trekkje dei tre lenkene til topps.

- Vi er brukbart med folk, men om det er nokon i nærleiken som vil gje ei hjelpande hand er dei hjartleg velkomen til det.

Lynet slo ned igjen

I fjor forsvann lyset i lenkene etter at lynet slo ut sikringsskapet kor ein hentar straum frå.

- Det same har skjedd i løpet av året.

- Då vi kom opp i går såg vi at det igjen var heilt svart i sikringsskapet.

- Heldigvis har vi gode vener i Os Elektro som skal hjelpe oss i løpet av dagen i dag med å få straumen på att, seier Tveit.

Nye lenker

Ei utfordring dei siste åra har vore at glødepærene som har vært nytta har gått i stykker. Ettekvart har det blitt vanskeleg å få tak i nye. Dei gamle lenkene har gjort nytta si i 11 år.

- Det er gjerne levetida ein må rekna med.

- I år kjem det difor tre nye lenker med tre pærer for kvar meter. Totalt 150 pærer på kvar lenke.

- Med heile 450 LED-pærer som skal monterast saman er vi glade for den gode hjelpa vi har fått frå Os Elektro som har gjort jobben for oss, takkar Tveit.

Kostar 40 000 kroner

Os kulturutvikling har investert 40 000 kroner i dei nye lenkene.

- Vi kjem til å henvende oss til lokalt næringsliv for å høyre om det er nokon som kan bidra til å dekkje kostnadane.

- 40 000 kroner er mykje penger for oss, slår Tveit fast.

Tennest sundag

Tradisjonen tru tek Os kulturutvikling sikte på å tenne lysa første sundag i advent.

- Det blir jo litt spennande å sjå om alt virkar som vi håpar på.

- Planen er å tenne lysa omlag klokka 14 på sundag. Det blir ikkje noko arrangement på toppen av Borgafjellet, men om det er folk som har lyst til å ta sundagsturen opp der er dei hjarteleg velkomen, avsluttar Leif Ragnar Tveit i Os kulturutvikling.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.